Om TkVestland

Vi tilbyr spesialisttannbehandling og gjev eit tilrettelagt tilbud til pasientar som har odontofobi, vore utsett for tortur eller overgrep. Vi driv rådgjevingstenester, kursverksemd og klinisk, praksisnær forsking.

Tannhelsetenesta kompetansesenter Vestland er eit av seks regionale kompetansesenter i odontologi. 

Drivkraft for fagutvikling

Oppdraget til TkVestland er å bygge opp eit kompetansemiljø regionalt som kan vere drivkraft for fagutvikling og forsking i tannhelsetjenesta. Forskinga skal skje i samarbeid med ulike fagmiljø og bidra til fagleg utvikling i den offentlege tannhelsetenesta og i privat sektor.

Senteret er tilvisingsinstans og skal sikre befolkninga eit behandlingstilbod med tilgang til avansert diagnostikk og fleirfagleg spesialistbehandling.

Angst for tannbehandling

Kompetansesenteret har eit tilrettelagt tannbehandlingstilbud til deg med angst for tannbehandling og sprøyteskrekk, torturoffer og overgrepsoffer. Vi driv også Haukeland sjukehus tannklinikk, med tilbod til inneliggjande pasientar.

Etterutdanning og praksistrening

TkVestland driv etterutdanning av og gir fagstøtte til tannhelsepersonell, samt rådgiving overfor tannhelsetjenesta, andre tjenesteområde og befolkinga. Vi tilbyr og klinisk praksistrening for tannlegar under spesialistutdanning i samarbeid med UiB.