Alrek helseklynge
Tannhelsetenesta er med i Alrek helseklynge, som er et kunnskapsbasert tverrfaglig samarbeid mellom ei rekke instituasjonar.
Kva er Alrek helseklynge
Alrek helseklynge skaper innovative helse- og omsorgsløsninger for hele mennesket, ved hjelp av fremragende forskning og utdanning, fullverdige praksisarenaer og tverrfaglig samhandling.
Dette gjer dei gjennom forsking, utdanning, innovasjon og formidling.
Av aktørane som er med i tillegg til Vestland fylkeskommune (ved tannhelsetenesta) er mellom anna Universitetet i Bergen, Bergen kommune, Høgskulen i Vestland, NORCE, Folkehelseinstituttet, Helse Bergen, Haraldsplass diakonale hykehus, og VID.
Tannhelsetenesta si rolle i Alrek helseklynge
TkVestland si rolle i Alrek-samarbeidet er å bidra til tverrfagleg forsking og utvikling som kan auka innbyggarane sine moglegheiter for god helse og gode liv. Me vil medverka til at oral helse blir set på dagsorden og synleggjera samanhengen mellom oral helse og generell helse. Gjennom deltaging i Alrek helseklynge vert me kjent med mulige samarbeidsparter og brukerorganisasjoner som kan inngå i fremtidige forsknings- og innovasjonsprosjekter.
Ved å aktivt bruke Alrek helseklynge sine kommunikasjonskanaler kan vi få synliggjort vår aktivitet til helseklyngens deltagere og eit breiare publikum. Alrek helseklynge kan medverka til at me vågar å vera utradisjonelle, løftar blikket og utviklar eit meir heilheitleg helseperspektiv.
I samarbeid med andre aktørar står ein sterkare i arbeidet med å utvikla innovative, tenlege og kunnskapsbaserte tenester til beste for alle innbyggarane. TKVestland og Tannhelsetenesta i Vestland er stolt av å vera ein del av Alrek helseklynge. Gjennom tverrfagleg samarbeid innan forsking og klinisk teneste skal me saman legga til rette for god helse og gode liv, frå barndom til alderdom.