Tannskadar og kjeveortopedisk behandling. Eit kvalitetssikringsprosjekt

Prosjekt

Tannskadar er vanleg og har ein tendens til å skje i ung alder. At kjeveortopedar får informasjon om tannskadar og behandling er viktig før kjeveortopedisk behandling vert iverksett.

Dette prosjektet har følgande mål:

Å gi retrospektiv informasjon om tilvisingsrutinar til kjeveortoped hos offentlege tannlegar for pasientar som har opplevd tannskade, samt å vurdere desse rutinane i ein kjeveortopedisk populasjon.

Å vurdere førekomst av komplikasjonar etter kjeveortopedisk behandling av tenner med tannskade samanlikna med tenner utan tannskade.

Prosjektleiar og prosjektmedarbeidarar

  • Forskar Dorina Sula Thelen, Tk Vestland
  • Prof. Asgeir Bårdsen, Universitetet i Bergen
  • Ingrid Gramstad, Tannhelsetjenestens Kompetansesenter – Rogaland
  • Førsteamanuensis Kari Birkeland, Institutt for klinisk Odontologi, UiO
  • Nicole Aria, Tk Vestland

Eksterne organisasjonar

  • Universitetet i Bergen, Institutt for klinisk odontologi
  • Tannhelsetjenestens Kompetansesenter – Rogaland
  • Institutt for klinisk Odontologi, UiO