Oral helse hos vaksne: predikatorar, sosiale gradientar og korrelasjon med kardiovaskulær helse hos kvinner og menn

Prosjekt

Målet med prosjektet er å undersøke samanheng mellom oral helse, hjarte-kar-sjukdom, livsstilsfaktorar, sosial status hos vaksne og også påvise eventuelle kjønnsforskjellar.

Ei rekke sjukdommar aukar i førekomst på grunn av årsakar som forlenga levealder, uheldig kosthald og livsstil. Munnhole-sjukdommar som karies og tannkjøtbetennelse tilhøyrer denne gruppa saman med mellom anna hjarte-kar sjukdom.

Samanheng mellom sjukdommar i munnhole og hjarte-kar sjukdom har vore påvist i ei rekke studiar og spreiing av bakteriar og betennelsesfaktorar frå munnhola har vist seg som moglege årsakar, men vi veit ikkje om alvorlegheitsgrad av sjukdom i munnhola kan sjåast i samanheng med utvikling av hjarte-kar sjukdom. Vi kjenner heller ikkje til korleis livsstilsfaktorar som fedme, høgt blodtrykk og diabetes tidlegare i livet påverkar munnholehelsa når vi blir eldre, og heller ikkje om sosial status eller sosioøkonomiske forhold i livsløpet har betydning.

Frå personar som har deltatt i Helseundersøkingane i Hordaland (HUSK 1,2,3), er det samle inn informasjon om helse, utdanning, sosial status og livsstil mm., og den første undersøkinga var på byrjinga av 90-tallet. I HUSK-3 er hjartehelsen grundig undersøkt for å kartlegge om dei har begynnande hjarte-sjukdom. Dei same deltakarane bidrar til data i HUSK-tannhelse, ei munn- og tannhelseundersøking kor også bakterieprøvar frå munnhola blei innsamla. Deltakarane er født i 1950/51 og er fastbuande i tidlegare Hordaland fylke.

Prosjektleiar og prosjektmedarbeidarar

Ellen Berggreen, forskingsleiar TkVestland

Eksterne organisasjonar

Prosjektet er multidisiplinært og hovudsamarbeidspartnar er Universitetet i Bergen. Forskingsprosjektet blir utført i samarbeid med Vestland Fylkeskommune,  Nasjonalforeningen for folkehelsen og Forbundet Tenner og Helse.