For tidlegare deltakarar av HUSK-tannhelse

Publikasjonar og artiklar frå HUSK-tannhelse vil bli lagt ut her når dei er klare.

I slutten av juni 2022 avslutta vi datainnsamlinga i HUSK-tannhelse.

Frå vi begynte med munn- og tannhelseundersøkingar i mars 2020 har over 1300 deltakarar vore inne til klinisk undersøking med røntgenbilde.

Det blei samla inn spyttprøvar, og det blei tatt bakterieprøvar frå tannkjøtet. Bakterieprøvane har blitt sende til analyse, og arbeidet med datamaterialet er i gang.

Bakterieprøvane vil mellom anna bli nytte til å sjå på om det er ein samanheng mellom bakteriane i tannkjøtet og risiko for begynnande hjarte-sjukdom. Ein kan også sjå om bakteriane frå munnhola inneheld genar som er resistente mot antibiotika. I eit folkehelseperspektiv er det av interesse å vite kor desse genane har sitt opphav frå. Eit av prosjekta som skal undersøke dette nærmare er MARGIN-prosjektet som er finansiert gjennom CAMRIA nettverket med finansiering frå Trond Mohn Stiftelsen (meir om prosjektet og CAMRIA kan du finne her: MARGIN-prosjekt – CAMRIA (uib.no) )

Publikasjonar og artiklar frå HUSK-tannhelse vil bli lagt ut på denne sida når dei er klare.

Tusen takk til alle som har deltatt i HUSK-tannhelse.

Poster presentasjoner av HUSK-tannhelse data

Arbeidet med HUSK-tannhelse data er i gang for fullt. Høsten 2023 presenterte to postdoktorer ved TkVestland resultatar frå HUSK-tannhelse på internasjonale konferanser. På CED-IADR konferansen i september 2023, deltok Hager Zein Elabdeen med sin poster om førekomst av periodontitt blant 70-åringar i tidlegare Hordaland fylke. Se posteren her: Poster_prevalens av periodontitt.pdf

Foto av Hager Zein Elabdeen (postdoktor ved TkVestland) ved sin plakat om førekomst av periodontitt blant 70-åringar i tidlegare Hordaland fylke
Foto av Hager Zein Elabdeen

I oktober 2023 vant Jale Moradi (postdoktor ved TkVestland) pris for beste posterpresentasjon på World of Microbiome (WoM) konferansen i Bulgaria. Jale sin poster viser mangfaldet av mikrobiom i periodontale lommer. Se posteren her: Poster_mikrobiom i periodontale lommer.pdf