For forskarar om HUSK-tannhelse
Forskingsmidlar frå Noregs forskningsråd 2020
Tannhelsetenesta kompetansesenter Vestland (TkVestland) har fått tilslag på ein søknad ved utlysinga «Samarbeidsprosjekt for å møte utfordringer i samfunn og næringsliv» frå Noregs Forskningsråd.
Forskingsmidlane, kr 15 978 000, skal nyttast til eit 4-årig forskingsprosjekt med tittel: «Oral health in adults: predictors, social gradients and correlation with cardiovascular health in women and men».
Prosjektet skal belyse samanheng mellom oral helse, kardiovaskulære sjukdommar, risikofaktorar og sosial status. Vidare skal samanheng mellom preklinisk hjartesjukdom og orale sjukdommar utforskast og eventuelle kjønnsforskjeller identifiserast. Data som skal brukast er innsamla i Helseundersøkingane i Hordaland (HUSK 1-3) og i den orale helseundersøkinga HUSK-Tannhelse. Deltakarane som inngår i prosjektet har deltatt i alle fire undersøkingane og er født i 1950-51.
Ansvarleg for søknad og eigar av prosjektet er Tannhelsetenesta kompetansesenter Vestland ved forskingsleiar Ellen Berggreen.
Prosjektet er eit samarbeidsprosjekt mellom fleire forskingsinstitusjonar og Vestland fylkeskommune, Nasjonalforeningen for folkehelsen og Forbundet Tenner og Helse. Følgande forskingsorganisasjonar er involverte:
- Klinisk Institutt 2 og Institutt for Klinisk Odontologi, Medisinsk Fakultet, UiB
- Institutt for Samfunnspsykologi, Psykologisk Fakultet, UiB
- Tannhelsetjenestens kompetansesenter Øst
- National Institute of Health, Bethesda, MD, USA
- Amsterdam UMC Centre, Nederland
Poster presentasjoner av HUSK-tannhelse data
Arbeidet med HUSK-tannhelse data er i gang for fullt. Høsten 2023 har to postdoktorer ved TkVestland presentert resultatar frå HUSK-tannhelse på internasjonale konferanser. På CED-IADR konferansen i september 2023, deltok Hager Zein Elabdeen med sin poster om førekomst av periodontitt blant 70-åringar i tidlegare Hordaland fylke. Se posteren her: Poster_prevalens av periodontitt.pdf
I oktober 2023 vant Jale Moradi (postdoktor ved TkVestland) pris for beste posterpresentasjon på World of Microbiome (WoM) konferansen i Bulgaria. Jale sin poster viser mangfaldet av mikrobiom i periodontale lommer. Se posteren her: Poster_mikrobiom i periodontale lommer.pdf
I mai 2024 deltok Jale Moradi på «Female Heart Workshop 2024: Sex differences in cardiovascular risk and disease: closing the knowledge gaps». Jale presenterte en del av sin studie der hun har undersøkt bakterieprøvene frå HUSK-tannhelse og sett på samansetninga av mikrobiom i tannkjøttlommer og samanheng med kjønn. Studien fant variasjonar i mikrobiom profiler mellom kvinner og menn, og at spesifikke mikrobielle arter var meir prevalente hos det eine kjønnet.