Refusjon av reiseutgifter til tannbehandling

Stort sett må du dekke reise til tannbehandling sjølv, men du kan ha rett på å få refundert delar av reiseutgiftene dine av fylkeskommunen eller Pasientreiser.

Kva dekker fylkeskommunen i Vestland? 

Fylkeskommunen refunderer delar av reiseutgiftene dine dersom du høyrer til ei av gruppene under: 

  • barn og unge frå 0-18 år 
  • personar med psykisk utviklingshemming
  • personar som har heimesjukepleie i meir enn 3 månadar
  • personar som er under behandling i TOO-tilbodet

Reisemåte

Det er rimelegaste reisemåte som blir dekka. Du kan bruke eigen bil dersom helsetilstanden din krev det eller ved manglande offentleg transporttilbod. Ta kontakt med tannklinikken din dersom du har behov for drosje.

Eigenandel

Du legg ut for reisekostnadane sjølv og får ev. refusjon i etterkant. Eigenandel per kalendarår er 1050 kr.

Følge

Reiseutgifter til følgeperson blir dekka opp til barnet er 12 år. Reiseutgifter for følge til barn mellom 12 og 14 år kan bli dekka når reisevegen er over ein time kvar veg, eller over 50 km. 

Kva gjer du?

Ta vare på kviteringar og send inn søknad innan utgangen av året for å få refundert dine reiseutgifter til tannbehandling. Du kan søke sjølv eller pårørande kan søke for deg. Det blir stilt krav til innlogging med Bank ID. Send inn søknad ved å trykke på den grønne knappen til høgre

Kva blir ikkje dekka?

Kost, overnatting og tapt arbeidsforteneste blir ikkje dekka.

Fylkeskommunen refunderer berre reiseutgifter dersom du ikkje får dekka reisa på anna måte, t.d. via Pasientreiser. 

Kva dekker Pasientreiser? 

Ved nokre definerte sjukdomar eller tilstandar kan du ha rett på stønad til tannbehandling frå folketrygda. Dersom du får stønad til tannbehandling frå folketrygda har du også rett på å få dekka reiseutgifter gjennom Pasientreiser

Dette gjeld mellom anna reise til

  • behandling hos kjeveortoped (tannregulering)
  • tannbehandling av yrkesskade

Du, og ev. følge, kan også ha rett på å få dekka kost og overnatting når Pasientreiser dekker reisa.