Angstbehandling for vaksne

TOO-tilbodet er eit tilrettelagt tannhelsetilbod til tortur-og overgrepsutsette og personar med sterk angst for tannbehandling (odontofobi).

Angstbehandlinga blir gitt av eit tverrfagleg team av tannlege, tannpleiar, tannhelsesekretær og psykolog. Det tverrfaglege TOO-teamet tilbyr behandling av tannhelserelaterte angstlidingar, som oftast i form av eksponeringsterapi. 

Målet er å kunne ivareta eiga oral helse og meistre tannbehandling hos ordinær tannhelseteneste. 

Etter fullført behandling hos tverrfagleg TOO-team, får pasienten tilbod om å få utført nødvendig tannbehandling hos tannbehandlarteam TOO. 

Kven kan få behandling?

TOO-tilbodet er for personar som

  • har vore utsett for tortur
  • har vore utsett for overgrep av seksuell karakter eller vald i nære relasjonar.
  • har odontofobi (sterk tannbehandlingsangst)

Slik går du fram

Alle kan sjølv ta direkte kontakt med aktuell tverrfagleg TOO-team eller be tannlege, fastlege, psykolog eller anna helsepersonell om tilvising til TOO-tilbodet.

Tannklinikkar med TOO-tilbod i Vestland:


Kva er målet med TOO-tilbodet?

Målet er å klare å ivareta si eiga orale helse og meistre ordinær tannbehandling.

Kva består behandlinga av?

Ein kartleggingssamtale med psykolog og ca. 5 behandlingstimar hos tannlege. 

All behandling startar med ein samtale med psykolog der vi kartlegg problema til pasienten knytt til angst for tannbehandling, og der vi kjem med forslag om eit behandlingsopplegg. Samtalen med psykolog tar vanlegvis ca. 1 time. Før samtalen vil pasienten også bli bedt om å fylle ut nokre spørjeskjema. Samtalen skjer i eit vanleg rom utan tannlegeutstyr.

Første time av angstbehandling hos tannlege startar vanlegvis veka etter samtalen med psykolog. Behandlinga skjer gradvis ved at behandlarane forklarer, demonstrerer og utfører deler av angstbehandlinga og tannbehandling i små” porsjonar”, slik at pasienten har kontroll med kva som skjer. 

Etter fullført angstbehandling blir pasienten tilvist for nødvendig tannbehandling hos tilvisande tannlege eller tannbehandlarteam i TOO. 

Som eit ledd i kvalitetssikringa, vil vi på SFO ta kontakt pasienten ca. eit år etter avslutta behandling, for å høyre korleis pasienten synest det er å gå til tannlege.

Kva kostar behandlinga?

Angstbehandlinga og nødvendig tannbehandling blir dekka av tilskotssmidlar frå Helsedirektoratet.

Informasjon frå Helsedirektoratet om behandlingstilbodet

Tilvising til TOO-tilbodet

Tilvisinga må innehalde:

  • Pasienten sitt navn, adresse, telefonnummer, og fødselsnummer
  • Relevante kliniske og sjukehistoriske opplysningar
  • Klinisk diagnostisk problemstilling

For private tannlegar

Fullstendig tilvising kan sendast til:
Tannhelsetenesta kompetansesenter Vestland
Postboks 2354 Møllendal
5867 Bergen

For tilsette i tannhelsetenesta

Tilvising kan sendast som e-post med journalnummer på pasient, med ei kort problemstilling til tkvestland@vlfk.no

I Opus lagar tilvisande tannlege klar fullstendig tilvising.