Kven kan få offentleg tannbehandling?

I dei fleste tilfelle må alle over 24 år betale tannlegeutgiftene sine sjølve, men det er unntak. Sjå òg prisliste.

Prioriterte grupper

Desse har krav på gratis tannbehandling i den offentlege tannhelsetenesta:

  • Barn og ungdom frå fødsel til og med det året dei fyller 18 år
  • Personar med psykisk utviklingshemming
  • Personar som bur på institusjon eller som tar i mot heimesjukepleie i meir enn tre månadar

Tannbehandling for andre grupper

Andre grupper som kan ha rett til å få dekka heile eller delar av utgiftene til tannbehandling: 

Rabatt for unge

Ungdom som fyller 19 eller 20 år i behandlingsåret får 75 prosent rabatt på tannbehandlinga. Frå 28. mars 2023 får også 21-24-åringar 75 prosent rabatt på tannbehandling, mens rett til rabatt for 25-26-åringar fell vekk. Les meir om endringane i tannhelsetilbodet til 21-26-åringar. 

Trygderefusjon

Ved nokre definerte sjukdomar eller tilstandar kan du ha rett på stønad til tannbehandling frå folketrygda. Det er tannlegen som tar stilling til om du har rett på slik støtte.

Ikkje råd til tannbehandling?

Har du dårleg råd kan du søke NAV om støtte til tannbehandling (sosial stønad). Kontakt ditt lokale NAV-kontor.