Koronaundersøkinga i Vestland. Utvalde resultat frå FHI si nasjonale undersøking

Hausten 2020 gjennomførte Folkehelseinstituttet (FHI) ei spørreundersøking i Vestland og tre andre fylke. Vestland fylkeskommune, ved seksjon for statistikk, kart og analyse, har gått gjennom tala frå FHI og samanlikna med tidlegare folkehelseundersøkingar i Vestland.

Koronapandemien har medført inngripande tiltak som har endra livet til mange av oss.

Hausten 2020 gjennomførte Folkehelseinstituttet (FHI) ei spørreundersøking i Vestland og tre andre fylke. I rapporten «Koronaundersøkinga i Vestland 2020 - Utvalde resultat frå FHI si nasjonale undersøking» har seksjon for statistikk, kart og analyse gått gjennom tala frå FHI og samanlikna med tidlegare folkehelseundersøkingar i Vestland. Dette er første gang vi har hatt moglegheit til å sjå på denne type data over tid i Vestland.

[lenke til rapporten] [lenke til nyheitssak om rapporten]

Rapporten er delt inn i fire tema, og dei fleste funn er presenterte i figurar for enkel oversikt og samanlikning:

1) Arbeid og økonomi. Her blir det presentert resultat frå spørsmål om endra arbeidssituasjon, heimekontor, endra økonomisk situasjon og frykt for dårlegare økonomi.

2) Helse og aktivitet. Her blir vist resultat frå spørsmål om generell helse, risiko for smitte, fysisk aktivitet og psykiske plager.

3) Livet med korona. Her blir presentert resultat frå spørsmål om einsemd, nærmiljø, forhold til andre, tillit, ønsker og forventningar for framtida og kor nøgde folk er med livet.

4) Tiltak for myndigheitene sin innsats. Her blir vist resultat frå spørsmål om folk si haldning til myndigheitene si handtering av pandemien.

Endringar i arbeids- og økonomisk situasjon fordeler seg ulikt

Det er store skilnader i korleis arbeid og inntekt har endra seg for folk under korona. Det er flest i Bergen som opplever endring og befolkningsgruppa med klårt størst endring i arbeidssituasjon og inntekt er dei med innvandrarbakgrunn. Nedgangen i arbeid for innvandrarar er større i Vestland enn i andre delar av landet. Det er innvandrarar frå Aust-Europa som blir hardast råka. Sortert etter bransje, er det aller flest som jobbar i serveringsbransjen som har fått endra arbeidssituasjonen, etterfølgd av dei som jobbar i transportsektor med kundekontakt. Det er flest unge som opplever endra økonomisk situasjon og dette er også ei gruppe som vi frå før veit har svakare økonomi.  Til saman er det ei stor gruppe i Vestland som lever i usikkerheit rundt eigen inntekts- og arbeidssituasjon.

Den psykiske helsa har blitt forverra under pandemien

Den psykiske helsa er målt på ulike måtar i koronaundersøkinga, gjennom einsemd, grad av psykiske plagar, tillit, kor nøgde folk er med livet og opplevingar av å ha nokon å støtte seg til om det trengs. Samla sett ser det ut til at tiltaka knytt til koronapandemien har hatt ein negativ innverknad på livskvalitet og psykisk helse. Alle grupper har fått signifikant auke i psykiske plagar i perioden. Likevel, kvinner meir enn menn og høgt utdanna meir enn dei andre utdanningsgruppene. Psykiske plagar blant unge vaksne er no på eit nivå der 18-24-åringane i snitt kan seiast å ha vesentlege plagar. Når det gjeld einsemd, er det særskilt yngre, studentar og åleinebuande, som peiker seg ut. Einsemda er også høg i dei gruppene som ikkje er i arbeid, så som arbeidslause, permitterte og uføre.

På den positive sida, ser det ut til at effekten på psykisk helse i stor grad er ein effekt av smittevernrestriksjonar, slik at vi nok kan vente at helsa på mange måtar vil returnere til normalen når samfunnet opnar opp igjen. Svara avdekker også ein stor grad av framtidsoptimisme hos folk gjennom at fleire ventar at livet i åra som kjem, blir betre.

Ønsker og forventningar til framtida

Meir enn ein av tre dei som svara, trur dei vil reise mindre med fly på ferie og fritidsreiser. Vidare reknar tre av fem  med å bruke meir digitale hjelpemiddel i jobbsamanheng og ein tredjedel trur dei vil reise mindre i yrkes medfør. Størsteparten av befolkninga støttar dei tiltaka som er sett i verk av myndigheitene.

[lenke til rapporten]