Ny rapport syner koronaeffektar for folk i Vestland

Forverra psykisk helse og endringar i arbeidssituasjon og økonomi. Ein rapport frå Vestland fylkeskommune viser korleis koronapandemien har endra livet til mange av oss.

OPPLEVER EINSEMD: Rapporten viser at det er særskilt yngre, studentar og åleinebuande som opplever einsemd. Einsemda er også høg i dei gruppene som ikkje er i arbeid, så som arbeidslause, permitterte og uføre (Illustrasjonsfoto: Morten Wanvik, Vestland fylkeskommune).
OPPLEVER EINSEMD: Rapporten viser at det er særskilt yngre, studentar og åleinebuande som opplever einsemd. Einsemda er også høg i dei gruppene som ikkje er i arbeid, så som arbeidslause, permitterte og uføre (Illustrasjonsfoto: Morten Wanvik, Vestland fylkeskommune).

Folkehelseinstituttet (FHI) gjennomførte hausten 2020 ei spørreundersøking i Vestland og tre andre fylke. Vestland fylkeskommune har gått gjennom tala frå FHI og samanlikna med tidlegare folkehelseundersøkingar i Vestland.

- Det nye materialet gjer oss i stand til å samanlikne data om befolkninga sin trivsel og fysiske og psykiske helse under koronapandemien, med data frå åra før pandemien. Dette er første gong vi har hatt moglegheit til å sjå på denne type data over tid i Vestland, seier Stian Skår Ludvigsen. Han er seksjonsleiar på seksjon for statistikk, kart og analyse som står bak analysen.

Rapporten blir eit supplement til fylkeskommunen sitt lovpålagte arbeid med å ha oversikt over folkehelsa i Vestland. Eventuelle tiltak som følger av rapporten vil inngå i handlingsprogram til regional plan for folkehelse, som er under utarbeiding. Som del av den nasjonale satsinga på barn og unge, jobbar fylkeskommunen til dømes saman med kommunane for å få fram gode tiltak for å fremje psykisk helse.

Psykisk helse forverra

Den psykiske helsa er målt på ulike måtar i koronaundersøkinga. Faktorar som er brukte er einsemd, grad av psykiske plagar, tillit, kor nøgde folk er med livet og opplevingar av å ha nokon å støtte seg til om det trengs.

- Alle grupper har fått ein klar auke i psykiske plagar i perioden. Likevel, kvinner meir enn menn og høgt utdanna meir enn dei andre utdanningsgruppene, seier seniorrådgjevar Aina Haugstad som har leia arbeidet med rapporten i fylkeskommunen.

Ho fortel at 18-24-åringane som gruppe har eit høgt nivå av psykiske plagar. Når det gjeld einsemd, er det særskilt yngre, studentar og åleinebuande, som peiker seg ut. Einsemda er også høg i dei gruppene som ikkje er i arbeid, så som arbeidslause, permitterte og uføre.

Også framtidsoptimisme

På den positive sida, ser det ut til at effekten på psykisk helse i stor grad er ein effekt av smittevernrestriksjonar, slik at vi nok kan vente at helsa på mange måtar vil returnere til normalen når samfunnet opnar opp igjen. Svara avdekker også ein stor grad av framtidsoptimisme hos folk gjennom at fleire ventar at livet i åra som kjem, blir betre.

Innvandrarar hardast råka

Rapporten viser at det er store skilnader i korleis arbeid og inntekt har endra seg for folk i koronapademien. Det er flest i Bergen som opplever endring, og befolkningsgruppa med klart størst endring i arbeidssituasjon og inntekt er dei med innvandrarbakgrunn. Nedgangen i arbeid for innvandrarar er større i Vestland enn i andre delar av landet. Innvandrarar frå Aust-Europa er hardast råka.

Serveringsbransjen er bransjen der flest har fått endra arbeidssituasjonen sin, etterfølgd av dei som jobbar i transportsektor med kundekontakt. Det er flest unge som opplever endra økonomisk situasjon. Dette er også ei gruppe som frå før har svak økonomi. Til saman er det ei stor gruppe i Vestland som lever i usikkerheit rundt eigen inntekts- og arbeidssituasjon.

Forventar mindre flyreiser

Meir enn ein av tre dei som svara, trur dei vil reise mindre med fly på ferie og fritidsreiser. Rapporten viser også at tre av fem reknar med å bruke meir digitale hjelpemiddel i jobbsamanheng og ein tredjedel trur dei vil reise mindre i arbeidet sitt enn før.

Kan måle koronaeffekt

- Undersøkinga gjer at vi kan måle effektar av koronapandemien i fylket. Dette gir oss viktig informasjon til folkehelsearbeidet, og vil vere nyttig når vi skal gjennomføre ei ny stor folkehelseundersøking til neste år. Då er vi forhåpentlegvis over i ein meir normal situasjon igjen, men treng å sjå på etterverknader etter pandemien, seier Ludvigsen.

Rapporten vil bli presentert for fylkespolitikarane i hovudutvala som har møte neste veke og i fylkesutvalet i juni.