Dokumentasjon om deg sjølv

Er du på jakt etter dokumentasjon som det offentlege har på deg? I dei aller fleste tilfella må du ta kontakt direkte med kommunen eller eininga som har hatt ansvaret for aktiviteten du søker dokumentert.

Kommunale arkiv

Om du vil ha innsyn i arkiv frå til dømes pleie og omsorg, barnehage, skule, kommunale PPT-kontor, barnevern, og helsestasjon, må du ta kontakt direkte med den aktuelle kommunen. Dei skal hente ut materialet til deg. 

Fylkesarkivet gjer ingen innsynsvurderingar i dokumentasjonen frå personregister. Innsynsvurdering skal gjerast av fagpersonar i kommunen.

Fylkeskommunale arkiv

Om du vil ha innsyn i arkiv frå fylkeskommunane, til dømes institusjonar, enkelte sjukehus og fylkeskommunale PPT-kontor, tek du kontakt med Vestland fylkeskommune på e-post eller tlf. 05557. 

Vi gjer merksam på at PPT-ordninga er organisert av både kommunar og fylkeskommunar. Ta kontakt med oss dersom du er usikker på kven du skal vende deg til.

All dokumentasjon om deg vert gjerne kalla personregister eller rettigheitsdokumentasjon. Denne dokumentasjonen skal dokumentere om det offentlege har utført dei pliktene og oppgåvene dei er pålagde å tilby deg som innbyggjar. Dette gjeld til dømes dokumentasjon frå sosialtenesta, barnevern, PPT, barnehage, skule, pleie og omsorg, helsestasjonar og tannhelse.

Kommunearkivordninga er depot (oppbevaringsstad) for kommunale og fylkeskommunale arkiv. Det vil sei at kommunane og fylkeskommunane framleis er eigarar av arkiva. Vi oppbevarer personregister som har gått ut av administrativ bruk for medlemmene i kommunearkivordninga, og har materiale frå Hordaland fylkeskommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune og alle kommunane i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn.