Stortingsvalet 2021
Stortingsvalet er måndag 13. september 2021.
Vestland fylke er delt i to valdistrikt; tidlegare Hordaland fylke og tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Det er mogleg å stille liste i begge valdistrikt, eller i eitt av dei. Frist for å levere inn listeforslag er 31. mars kl. 12:00.
Vestland fylkeskommune kjem til å ha mottak av listeforslag i begge valdistrikta; i fylkeshuset i Leikanger og i fylkeshuset på Sandsli. Det har tidlegare vore vanleg at listeforslaga blir levert fysisk ved oppmøte.
På grunn av restriksjonar vil det vere mogleg å:
- Sende listeforslaget i posten
- Levere i eitt av dei to fylkeshusa, etter avtale
Sende i posten
Om partiet ditt ønskjer å sende listeforslaget i posten, rår vi til å sende det rekommandert med sporing. Adressen er:
Vestland fylkeskommune,
Politisk sekretariat v/ Ingeborg Strandberg,
Postboks 7900,
5020 Bergen
Levere i fylkeshuset
Om partiet ditt ønskjer å levere det fysisk i eitt av dei to fylkeshusa, må du ringe og avtale i forkant. Det er for å sikre at det er nokon til stades for å ta i mot listeforslaget. Ring 05557 for å avtale tid.
Om partiet ditt er usikker på om alle krava til listeforslaget er tekne i vare, eller du har nokre spørsmål, kan du ta kontakt med Ingeborg Strandberg på e-post: ingeborg.strandberg@vlfk.no.
Legg igjen nummeret ditt om du vil at ho skal ringe deg opp att.