No kan du førehandsrøyste

Du kan no førehandsrøyste til stortingsvalet. Her er oversikt over alle lokale du kan førehandsrøyste i.

STORTINGSVALET: Kan du ikkje røyste på valdagen, kan du førehandsrøyste fram til og med 10. september. (foto: Tore Fjeld)
STORTINGSVALET: Kan du ikkje røyste på valdagen, kan du førehandsrøyste fram til og med 10. september. (foto: Tore Fjeld)

Stortingsvalet er måndag 13. september. I enkelte kommunar kan du og røyste søndag 12. september.

Du kan førehandsrøyste fram til og med fredag 10. september.

Vestland har to valdistrikt: Hordaland og Sogn og Fjordane.

Valkort

Ta gjerne med valkort når du skal røyste. Då går det raskare å registrere deg.

Valkortet er først og framst ei stadfesting på at du har røysterett. I år har dei fleste mottatt dette digitalt.

Veljarar som nyttar digital postkasse, har fått valkortet der. Har du ikkje ein digital postkasse, er valkortet tilgjengeleg i Altinn.

Valkort på papir

Veljarar som har reservert seg mot elektronisk post i kontakt- og reservasjonsregisteret, eller som ikkje har oppdatert eller stadfesta kontaktinformasjon i registeret dei siste 18 månedene, har fått tilsendt valkortet på papir.

Merk at det ikkje er nødvendig med valkort for å røyste. Men du må kunne legitimere deg.