To lister til stortingsvalet vart ikkje godkjende

Fylkesvalstyret i Vestland har samrøystes godkjent alle 22 innkomne lister i Hordaland til stortingsvalet, men berre 17 av 19 lister i Sogn og Fjordane. Det er Kystpartiet og Piratpartiet som ikkje får godkjent sine lister.

GODKJENT: Stortingsvalet blir 13. september. 22 lister er godkjent i Hordaland og 17 i Sogn og Fjordane. (foto: Valdirektoratet)
GODKJENT: Stortingsvalet blir 13. september. 22 lister er godkjent i Hordaland og 17 i Sogn og Fjordane. (foto: Valdirektoratet)

Årsaka til at to av listene ikkje vart godkjende av fylkesvalstyret, var at dei ikkje oppfyller krava i lova. Kystpartiet i Sogn og Fjordane må ha 500 underskifter. Det har dei ikkje greitt å levere. Dei grunngjev med at det har vore vanskeleg å få nok underskrifter grunna koronapandemien.

Piratpartiet i Sogn og Fjordane manglar lokale tillitsvalde for lista. Kravet er at dei skal ha to tillitsvalde som har røysterett i valdistriktet. Begge partia har ikkje greitt å oppfylle krava og blir difor ikkje godkjende. I Hordaland oppfyller alle 22 lister krava og er godkjende.

Dei 22 listene som er godkjende ved stortingsvalet frå Hordaland er, i alfabetisk rekkefølgje: 

  • Alliansen - Alternativ for Norge 
  • Arbeiderpartiet 
  • Demokratene 
  • Folkeaksjonen nei til mer bompengerVestland 
  • Fremskrittspartiet 
  • Generasjonspartiet 
  • Helsepartiet 
  • Høyre 
  • Industri- og Næringspartiet 
  • Kristeleg Folkeparti 
  • Kystpartiet 
  • Liberalistene 
  • Miljøpartiet De Grønne 
  • Norges Kommunistiske parti 
  • Partiet De Kristne 
  • Partiet Sentrum 
  • Pensjonistpartiet 
  • Piratpartiet 
  • Rødt 
  • Senterpartiet 
  • SV - Sosialistisk Venstreparti 
  • Venstre 

Dei 17 listene som er godkjende ved stortingsvalet frå Sogn og Fjordane er, i alfabetisk rekkefølgje: 

  • Alliansen - Alternativ for Norge 
  • Arbeidarpartiet 
  • Demokratene 
  • Fremskrittspartiet 
  • Helsepartiet 
  • Høgre 
  • Industri- og Næringspartiet 
  • Kristeleg Folkeparti 
  • Liberalistene 
  • Miljøpartiet Dei Grøne 
  • Partiet De Kristne 
  • Partiet Sentrum 
  • Pensjonistpartiet 
  • Raudt 
  • Senterpartiet 
  • SV - Sosialistisk Venstreparti 
  • Venstre 

Valdag 13. september

Stortingsvalet er måndag 13. september. I enkelte kommunar òg søndag 12. september. Førehandsrøystinga startar tysdag 10. august og pågår til og med fredag 10. september.