Regional kystsoneplan for Sunnhordland og ytre Hardanger

Planen omfattar sjøareal og strandsone i Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Fusa, Jondal, Kvam, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes samt sjøareal i Vindafjord kommune, Rogaland.

Føremålet med planarbeidet er å sikre ei berekraftig forvaltning av sjøareal og strandsone i Sunnhordlandsregionen og Ytre Hardanger. Planen skal sikre gode rammevilkår for havbruksnæringa som ei stor og viktig næring i regionen, samt maritim sektor med trygge farleier, hamneområde og sjøretta næringsareal.

Planforslaget vart vedteke i fylkestinget i Hordaland 3.-4. oktober 2017, og i fylkestinget i Rogaland 24. oktober 2017.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet stadfesta planen mars 2020, med endringar i enkelte av retningslinene.

Regional kystsoneplan for Sunnhordland og ytre Hardanger

Plankart

Avgjerd KMD 20.03.2020

Endringar i mål og retningsliner etter KMD sin avgjerd

Digitale temakart

Hordaland fylkesutval vedtok 10.11.2011 å starta arbeid med Regional plan for Sunnhordland. Dette var ei av dei prioriterte oppgåvene i den regionale planstrategien for 2011-12.

Fylkesutvalet vedtok i møte 21.11.2012 å sende planprogram for regional kystsoneplan for Sunnhordland og ytre Hardanger på høyring.

Torsdag 17. januar 2013 var det høyringskonferanse på Stord Hotel for planprogram til regional kystsoneplan for Sunnhordland og ytre Hardanger.

6 kommunar, 5 regionale statsetatar, 1 regionråd, 6 interesseorganisasjonar, 4 næringsaktørar og 1 forskingsinstitusjon gav uttale til planprogrammet for regional kystsoneplan for Sunnhordland og ytre Hardanger.

I 2014 og 2015 var det arrangert temamøter om sjøtransport og maritim næring, strandsone, akvakultur og berekraftig kystsoneplanlegging.

Fylkesutvalet vedtok 19.05.2015 å legge planforslag ut på høyring

Planforslaget har vore på avgrensa høyring våren 2017.

Planforslaget vart endeleg vedteke i fylkestinget i oktober 2017.

Planprogram

Det er utarbeidd analyser som kunnskapsgrunnlag for planarbeidet:

Akvakulturanalyse