Samferdsel

Transporttilbodet skal medverke til ei positiv verdiskaping og sikre robuste bustad- og arbeidsmarknadsregionar.

Det skal medverke til å oppnå viktige miljøpolitiske målsettingar og redusere risikoen for ulukker innanfor alle transportformer. Gjennom planlegging skal det leggast grunnlag for eit effektivt, tilgjengeleg, trafikksikkert og miljøvenleg transportsystem som dekker samfunnets behov for transport og fremjar regional utvikling.

For at transportsektoren skal bli meir berekraftig må transportbehovet reduserast og miljøvenlege transportformar styrkast. Transportomfanget kan påverkast gjennom endring av vegkapasitet, samordna areal og transportplanlegging, lokalisering av bustader og arbeidsplassar. Det gjeld å finne eit balansepunkt der økt vegkapasitet og framkome på veg ikkje går utover viktige miljømål og at bilen får eit unødig konkurransefortrinn framfor meir berekraftige transportformar.

Utanfor bystrok er hovudutfordringane for både riks- og fylkesvegnettet primært knytt til å heve eksisterande vegstandard. Dårleg vegstandard fører til høge transportkostnader for næringslivet og auka risiko for trafikkulukker.

I vegplanlegginga må ein og ha fokus på beredskap, både i form av å sikre alternativ ved stengte vegar og førebyggjande tiltak mot ulykker. Nullvisjonen skal ligge til grunn for all samferdselsplanlegging, og gjennom arealplanlegging kan kommunane bidra til å nå denne målsettinga.

Transportmiddelfordelinga kan påverkast gjennom restriktive tiltak på biltrafikk og insentiv for å bruke kollektivtransport. Gode løysingar for kollektivtrafikken og eit godt utbygd gang- og sykkelnett kan redusere biltrafikken og auke trafikktryggleiken. Gjennom arealplanlegging må kommunane legge til rette for god framkome for buss og bane, og at haldeplassar og terminalar for kollektivtransporten er tilrettelagt for alle brukargrupper.

Andre relevante tema: Samordna areal og transport, klima og energi, næringsutvikling, risiko og sårbarheit (ROS), senter- og tettstadutvikling, universell utforming.