Kulturminne og kulturmiljø i kommunal planlegging
Kulturminne viser oss spor etter menneskeleg aktivitet opp i gjennom tida.
Kulturminne er ein avgrensa ressurs som ikkje kan erstattast dersom dei vert borte. Dette gjeld både dei automatisk freda kulturminna og dei historieberande kulturminna frå nær fortid.
Vestland fylkeskommune er i dag delegert kulturminnemynde både for automatisk freda kulturminne og kulturminne av nasjonal verdi. Målet for kulturminnevernet er at omsyn til dei ulike kulturminneverdiane på best måte skal sikrast gjennom lokal og regional arealplanlegging og skal utgjere eit viktig grunnlag for verdiskaping og næringsutvikling.
Kulturminneverdiane bør vere del av planprosessane så tidleg som råd for å unngå konfliktar. Ein bør så tidleg som råd nytte seg av tilgjengeleg informasjon om eksisterande kulturminne, og analysere kva føremål og tiltak som kan kome i konflikt med eksisterande kulturminne.
SEFRAK-registeret over eldre bygningar og den nasjonale kulturminnedatabasen - Askeladden si oversikt over kjende automatisk freda kulturminne, bygg og listeførte kyrkjer er gode kjelder. Ei anna god kjelde er NB!registeret, som er Riksantikvaren sitt register over nasjonale kulturminneinteresser. Desse, og fleire får ein tilgang til mellom anna på:
Kulturminne må sikrast i plan gjennom omsynssoner. Omsynssoner kan vise område der vidare planlegging må ta særleg omsyn til kulturmiljøet. Freda kulturminne skal visast som bandlagt areal i omsynssone d og nyare tids kulturminne må få omsynssone c, jf. pbl § 11-8, bokstav c og d. Det er viktig å knyte gode arealføremål, føresegner og gode retningsliner til omsynssonene, jf. pbl §§ 12-5 og 12-7.
Estetisk utforming er del av all areal planlegging, men er særleg viktig i saker med definerte kulturminneverdiar. Bruk og tilpassing av landskap er viktige verdiar å vekta i samband med kulturlandskap.