Areal og transport i kommunal planlegging

Samordna planlegging av areal- og transportnett skal gje Vestland eit funksjonelt utbyggingsmønster med gode, trygge og inkluderande bumiljø og bevaring av ein overordna grønstruktur.

Kommunane kan leggje til rette for ein effektiv arealbruk gjennom sine overordna kommuneplanar. Storleiken av by- og tettstadsveksten bør vere konsentrert omkring sentrum og knutepunkt i kollektivsystemet.

Gjennom eit bevisst val av senterstruktur og ei aktiv satsing på region-, kommune- og lokalsenter, kan ein demme opp for ei sterkare sentralisering inn mot Bergen. Infrastruktur for kollektivtrafikken må knytast til dei regionale sentra. Det må leggjast til rette for mjuke trafikantar gjennom utbygging av samanhengande gang- og sykkelvegar.

Sentrumsområde bør utviklast til viktige arenaer for handel og kultur, bustader og arbeidsplassar som kan utnytte ei sentral plassering og godt tilgjenge til kollektivtransport. ABC-prinsippet skal leggjast til grunn ved lokalisering av handels- og næringsverksemd.