Vegarbeidet langs Dalsfjorden er i gang
Utbetringa av fv. 57 mellom Holmeli – Nistadlia har starta. Dei neste par vekene kan vegen bli stengd i inntil eit kvarter, men frå 8. mai blir vegen stengd i to timar i slengen.
Vegen blir stengd i tre periodar; på føremiddag, etter lunsj og ei økt på ettermiddag/kveld, frå måndag til og med torsdag. På fredagar kan vegen berre stengast i inntil femten minutt, på laurdag og søndag skal det vere fri ferdsel.
Prosjektet har forsøkt å få til stengetider som får kvardagen til å gå opp for alle som er avhengige av fv. 57 for å komme seg til jobb eller skule.
– Difor har vi drygd den første langstenginga til kl. 09.30 på morgonen, og det blir fri ferdsel mellom klokka 15.00 og 17.00. I kontrakten vi har inngått med entreprenør er det også presisert at anleggsarbeidet skal ta omsyn til bussruter, men det vil bli omleggingar i nokre av rutene for å få stengetidene til å gå opp, seier Svein-Henning Råheim, byggeleiar i Vestland fylkeskommune.
Rigging og trerydding
Allereie denne veka rullar dei første maskinene inn i området for å starte rigging av maskiner og utstyr. Deretter er det bygging av tilkomstvegar og felling av tre, før sprengingsarbeidet langs veglinja tek til.
Målet er at sprengingane skal gjennomførast i løpet av dei to timane vegen er stengd. Berre uføresette hendingar skal endre på dette.
– Vi vil opprette ei SMS-varsling for å halde folk oppdaterte dersom det skulle bli endring i stengetidene. Det skal i utgangspunktet ikkje bli lengre stengingar, men vi skal sprenge høge skjeringar, og då kan det skje at det kjem ned meir stein enn planlagt, seier Råheim.
Publisert 26. april 2023