Vi er sertifisert som miljøfyrtårn

Vestland fylkeskommune er sertifisert som miljøfyrtårn. Les om korleis vi oppfyller krava for å vere miljøfyrtårn.

Kva inneber det å vere miljøfyrtårn?

For å bli sertifisert som miljøfyrtårn må ei verksemd ha eit miljøleiingssystem og drive fram klima- og miljøarbeidet gjennom årlege handlingsplanar.

Slik oppfyller vi krava for å vere miljøfyrtårn

Vestland fylkeskommune legg klima og miljø som premiss for samfunnsutviklinga, og utarbeider klima- og miljørekneskap og klimabudsjett årleg. 

Vi har miljøstyring gjennom strategi- og styringsdokumentet "Miljøleiing i Vestland fylkeskommune" i kvalitetsystemet på intranett.

Fylkesadministrasjonen og einingar i Vestland fylkeskommune skal føre miljørekneskap og vere miljøsertifiserte så snart dei har helseverngodkjenning.

Einingar som er miljøsertifiserte skal halde sertifiseringa ved like gjennom løpande miljøstyring, årleg rapportering og resertifisering kvart tredje år.

Slik jobber vi for eit betre miljø

Klimafotavtrykket for Vestland fylkeskommune var i 2019 på 437 000 tonn CO2-ekvivalentar (summen av Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommune sine utslepp).

Politikarane i Vestland fylkeskommune har gjennom fleire år prioritert omlegging til nullutsleppsteknologi i kollektivtransporten. Dette betyr at klimagassutslepp frå ferjetrafikk på fylkesvegane er venta å gå ned med 90 prosent frå 2018 til 2022, grunna utsleppskrav i ferjeanboda.

Bybanen utbygging er eigd av Vestland fylkeskommune og også der går klimagassutsleppa ned. Bybanens entreprenører leverer nå 96 prosent fossilfri anleggsplass takka vere miljøkrav i anbodsprosessane. Sidan starten av Bybanens byggetrinn 4 mellom sentrum og Fyllingsdalen i 2018 har tiltaka for grønare bybane spart inn rundt 28 000 tonn CO2-ekvivalenter, tilsvarende årlige utslipp fra 11 000 fossilbilar. Eit anna døme frå Bybanen Utbygging er at dei krev elektrisk interntransport av personell (elbiler, elsykler, elsparkehjul).

Bruk av energi i fylkeskommunal bygningsmasse har kontinuerleg tilsyn for optimal drift. Identifisering av mogleg forbetringspotensiale ved både enkle justeringar og ved investering som fører til redusert klimabelastning, har høg prioritet.

Fylkeskommunen legg til rette for meir klimavenlege reiser. Organisasjonen har 76 el-bilar til disposisjon for tenestereiser og mange einingar har skaffa el-syklar til kortare turar. Digitale møte blir prioritert.

Fylkeskommunen vedtok i juni 2020 ein eigen plaststrategi som m.a har som mål at plastbruken i eiga verksemd blir redusert med minst 40 %. Vidare skal eingongsplast fasast ut. Det blir kontinuerleg jobba med miljø- og klimakrav i innkjøp.