Padlehukar, brygger og naust: No blir det endå kjekkare å padle i Vestland
Gjennom tilskotsordninga ro- og padleruter Vestland kjem det stadig nye tiltak på plass som gjer padle- og roopplevinga meir tilgjengeleg for alle.

Med nye padlehukar, universelle brygger, naust og informasjonsplakatar blir det lettare å legge ut på tur – enten du padlar, ror, eller berre vil nyte naturen frå sjøkanten. Ro- og padleruter Vestland er eit samarbeidsprosjekt mellom fylkeskommunen, kommunar, friluftsråd, Norges padleforbund og lokale padleklubbar.
Vestland fylkeskommune har gjennom prosjektet tatt ei koordinerande rolle i arbeidet med å kartfeste ro- og padleruter, og legge til rette for gode ro- og padleopplevingar.
Kommunar og friluftsråd kan søke om tilskot frå fylkeskommunen, både til kartlegging og gradering av ro- og padleruter, men òg til fysisk tilrettelegging som til dømes padlebrygger og padlehukar.
Kommunane har kome langt i arbeidet
I alt 36 av 43 kommunar har fått tilskot til kartlegging og gradering sidan starten i 2022. I vår vart det løyvd til saman 1 million kroner til ulike ro- og padleruteprosjekt i Sogn og Bergensregionen. I tillegg er det løyvd midlar til infotavler om ro- og padleruter.
Mange kommunar har kome langt i arbeidet, og stadig fleire padleruter blir å finne i appen Padleruter. Padlerutene vert og meld inn til Kartverket, slik at dei blir registrerte i den nasjonale databasen for turruter.

Her er dei nye tiltaka
- I Sauøy friluftslivsområde i Austrheim kommune er det nå tilgjengeleg ein padlehuk av type sovemodul.
- I Bergen kommune er det sett opp padlehuk med tilhøyrande toalett i Steingardsvikane friluftslivsområde på Hjellestad. Her er det også sett ut universell padlebrygge med tilhøyrande skilttavle i Mildevågen. Mildevågen ved Arboretet er eit godt utgangspunkt for padletur rundt Mildehalvøya, eller det er mogleg å ta turen over til Buarøy fort i Øygarden kommune.
- I Buarøy friluftslivsområde er det sett opp to padlehukar, ein sovemodul og ein open modell med tilhøyrande bålplass.
- I Austevoll kommune har også tilrettelegging for roarar og padlarar auka. I Skår friluftslivsområde er det sett opp ei enkel kystturhytte, eigna for padlarar. Kystledhytta kan leigast gjennom utleigeordninga til Bergen og Omland Friluftsråd (BOF).
- I Sveholmen friluftslivsområde er det sett opp informasjonskilt om padleruter.
- Også i fleire av BOF sine deltakarkommunar er det sett opp informasjonsplakatar på utsettingspunkta, totalt 31 plakatar med ruteinformasjon. Padle- og rorutene vil også snart vere tilgjengelege i appen padleruter til Padleforbundet.
- I Strandebarm er det sett ut ei universell padlebrygge i Svanholmane friluftslivsområde.
Fleire naust er etterkvart også tilgjengelege i nettverket av ro- og padleruter. Vi nemner spesielt:
- Naustet i Klokkarneset friluftslivsområde, som blir eit viktig stopp langs padlerutene rundt Osterøy.
- På ruta rundt Hjellestad i Bergen kommune er naustet og området i Nausdalen på Arboretet ein eigna rasteplass.
FIN DESTINASJON: På Milde i Bergen kommune kan du padle i land i Naustdalen. Her er eit flott naust som ligg nedanfor den nydelege rosehagen på Arboretet. Dette er ein fin destinasjon for ein liten kajakktur. (Foto: John Fridtjof Fosse/Bergen og Omland Friluftsråd)
Prosjekt som snart står ferdige
Fleire kommunar og regionale friluftslivsorganisasjonar ønskjer å legge til rette for friluftsliv på sjøen, og er i gang med ulike tiltak og prosjekt knytt til roing og padling:
- Sogn Friluftsråd er i gang med kartlegging av ro- og padleruter i sine seks medlemskommunar. Friluftsrådet har fått 500 000 kroner i prosjekttilskot for å lage eit ro- og padleanlegg ved Eide i Sogndal.
- På Stord og på Bømlo er det kartlagt fleire padleruter, og her er informasjonstavler til åtte utsettingspunkt produsert og levert.
- Arbeidet med ro- og padleruter er også i gang i m.a. Gulen kommune og Kvam kommune.
- I Bjørnafjorden kommune er snart naustet og utsettingsplassen i Framnes friluftslivsområde klar til bruk. Her vil det komme ein kanopakke som vil vere tilgjengeleg for utleige gjennom Frilager.
- Endå fleire padlehukar i BOF sine deltakarkommunar er under planlegging. Følg med!
Vil du søke om tilskot?
Søknadsfrist i 2025 er 1. oktober. Les meir om tilskotsordninga, og korleis du kan søke.
OVERNATTING I HAVGAPET: Lengst ute mot storhavet i Austevoll kommune ligg kystturhytta Skår. Her kan du overnatte og nyte naturen. Ideen kom frå Havstril padleklubb, som realiserte hytta samarbeid med Bergen og Omland Friluftsråd. (Foto: John Fridtjof Fosse/Bergen og Omland Friluftråd)