Ro- og padleruter i Vestland

Vestland fylkeskommune har gjennom prosjektet ro- og padleruter i Vestland tatt ei koordinerande rolle i arbeidet med å kartfeste og tilrettelegge ro- og padleruter i fylket.

Vestland fylkeskommune vil med prosjektet gjere det enklare å finne informasjon om

  • kvar det er fint å ro og padle
  • kva ferdigheiter du treng for å padle ei rute
  • kva tilrettelegging og fasilitetar du finn langs ruta

Godt fylke for padling

Naturen i Vestland nær sagt inviterer til både padling og andre former for umotorisert ferdsle på sjøen. I tillegg til ei lang og variert kystlinje har vi mange vatn og vassdrag som innbyr til spennande ro- og padleopplevingar.

Fleire kommunar og regionale friluftslivsorganisasjonar ønskjer å legge til rette for friluftsliv på sjøen, og er alt i gang med ulike tiltak og prosjekt for roing og padling.

foto av kajakkar som ligg i strandlinja
RO- OG PADLEOPPLEVINGAR: Med ei lang og variert kystlinje er Vestland eit fylke som innbyr til padling. (Foto: Anders Søyland/Vestland fylkeskommune)

24 fekk tilskot til kartlegging

Fylkeskommunen har sett av pengar til prosjektet, og hausten 2022 blei det lyst ut tilskot til kommunar og friluftsråd som ønskjer å kartlegge ro- og padleruter og gjennomføre tilretteleggingstiltak. 24 av kommunane i Vestland søkte og fekk tilskot til å gjennomføre kartlegging.

Bergen og Omland Friluftsråd og Friluftsrådet Vest koordinerer kartlegginga i medlemskommunane sine.

Tilskot til tilrettelegging

Det å ferdast med robåt og kajakk kan bli både enklare og meir attraktivt med ulike former for tilrettelegging. Det kan til dømes vere brygger, som gjer det lettare å kome seg opp i ein kajakk, eller overnattingstilbod langs ei padlerute.

Vestland fylkeskommune har derfor òg løyvd tilskot til ulik tilrettelegging i tilknyting til ro- og padleruter. Eit døme er padlehukar som Bergen og Omland friluftsråd no er i gang med å byggje.

foto av padlehuk ved sjøen
PADLEHUK: Denne padlehuken kjem du til på Skarvøy utanfor Askøy. Bergen og Omland friluftsråd vil som del av prosjektet setje opp fleire slike. (Foto: Anders Søyland)

Vestland kommune ønskjer brei medverknad i prosjektet. Difor oppmodar vi kommunane og friluftsråda som har fått tilskot, til å involvere padleklubbar og andre frivillige lag og organisasjonar med kompetanse og kunnskap om roing og padling.

Lanserer padleapp i 2023

Vestland fylkeskommune samarbeider med Norges Padleforbund om gradering av padlerutene i fylket. Dei kartlagde/graderte padlerutene blir tilgjengeleg i ein landsomfattande padleapp, som kjem i løpet av 2023.