Inviterer til gratis webinar om historisk friluftsliv i Vestland

Kven var desse kvinnene i skjørt på toppen av bratte fjell? Og korleis starta den tidlege turismen inst i fjordarmane på slutten av 1800-talet?

Svart-kvitt-bilde av folk på fjelltopp.
PÅ TOPPEN: Tinderangling tidleg på 1900-talet. Til venstre er Ole Berge (1853-1928) og til høgre Therese Bertheau (1861-1936). Bildet er teke på Soleietindane i Jotunheimen, med Store Austanbottstind bak. (Fotosamling SFFf-1990043, Vestland fylkeskommune)

Vestland fylkeskommune og Bergen og Hordaland Turlag inviterer til gratis webinar 12. juni kl. 10.00 om historisk friluftsliv i Vestland. Webinaret er ein del av markeringa Friluftslivets år 2025, og tek for seg korleis friluftsliv har vore ein del av identiteten på Vestlandet gjennom generasjonar.

Deltakarane får høyre om starten på turismen i fjordane og fjellheimen og om utviklinga av Bergen og Hordaland Turlag gjennom over 100 år. Webinaret blir tilgjengeleg i opptak på nettsida til fylkeskommunen.

Oppsummeringa er laga av KI-tenesta ChatGPT. Innhaldet er kvalitetssikra av kommunikasjonsseksjonen før publisering.


Det er noko av tematikken når Vestland fylkeskommune saman med Bergen og Hordaland turlag inviterer til gratis webinar 12. juni kl. 10.00.

– Friluftsliv er ein del av identiteten vår her på Vestlandet. Med dette webinaret ønskjer vi å løfte fram kor djupe røter dagens friluftsliv faktisk har, og inspirere fleire til å sjå samanhengen mellom fortid og notid. Vi håpar deltakarane får nye perspektiv – og lyst til å ta sekken på ryggen, seier Kristine Sunde Fauske, prosjektleiar for satsinga Friluftslivets år 2025 i Vestland fylkeskommune.

Friluftslivets år 2025 er ei landsdekkande markering, og fylkeskommunen koordinerer aktivitetane i Vestland.

Kvinne på fjelltur med utsikt nedover dal der det ligg ein støl.
2025 er Friluftslivets år, med mange aktivitetar i heile Vestland og også landet elles. Målet er at alle skal finne glede i friluftslivet. Bildet har utsikt mot Sundvesstølen i Voss herad. (Foto: Kristine Sunde Fauske/Vestland fylkeskommune)

Hotel Mundal – eit friluftsarkiv?

Den historiske delen av webinaret tek Per Olav Bøyum og Karl Peder Mork i seksjon arkiv i Vestland fylkeskommune seg av. Dei vil blant anna fortelje om det rikhaldige hotellarkivet etter Hotell Mundal i Fjærland. Fjærland ligg midt i området der den tidlege turismen til Noreg byrja, nemleg i fjordane på Vestlandet.

Vi får høyre om framveksten til turismen og Fjærland som utgangspunkt for fjellvandrings- og breaktivitet, og om korleis det historiske friluftslivet syner att i arkiva. Eit viktig arkiv nettopp hotellarkivet frå Hotell Mundal, som i 2022 vart del av Noregs dokumentarv.

Svart-kvitt-bilde av mange hesteskyssvogner oppstilte framfor Hotell Mundal i Fjærland.
Hesteskyssvogner ventar på turistane utanfor Hotell Mundal i Fjærland. Bildet er frå rundt 1900. (Foto: Andreas Mathias Andersen/arkivsamling SFFf-100319)

Ferdsel og fjellklatring i «Sognefjeldets Alpeørken»

På webinaret får vi også høyre om Jotunheimen og Sognefjellet som ferdsleveg mellom aust og vest. Mange kjende nordmenn, slik som Aasmund Olavsson Vinje og Henrik Wergeland, har kryssa fjella, og inntrykka deira lever i dag vidare i kunsten dei skapte etter ferda, blant anna i fleire dikt frå reisa Wergeland gjorde over fjellet i 1832. Her går «Lombværingers og Sogningers fryktelige vei til hinanden over Sognefjeldets Alpeørken», skreiv han.

Men fjellområdet har òg vore viktig for norsk tindesport, noko som også er tema på webinaret. Engelskmennene dominerte her som mange andre stader i den norske fjellheimen. Frå starten av 1900-talet utvikla det seg også eit norsk fjellklatrarmiljø som seinare stifta Norsk Tindeklub.

Frå Turistforeningen for Bergens By og Stift til Bergen og Hordaland Turlag

Bergen og Hordaland Turlag har vore ein sentral aktør i meir enn hundre år, og foreininga er i dag den største friluftslivsorganisasjon på Vestlandet med om lag 31 000 medlemmer.

Turlaget har hatt ei viktig rolle i å legge til rette for eit aktivt, enkelt og naturvenleg friluftsliv i regionen. Informasjonsleiar i turlaget, Andrè Marton Pedersen, gir eit innblikk i den rikhaldige historia til turlaget, frå starten som Turistforeningen for Bergens By og Stift og fram til i dag.

Utsikt frå Løvstakken i Bergen.
Bergen byr på mykje bynært friluftsliv, som her på Løvstakken. (Foto: Kristine Sunde Fauske/Vestland fylkeskommune)

Eit friluftsliv i endring

Rapporten Friluftsliv i Noreg – status og historisk utvikling frå Statistisk sentralbyrå syner at kjerneaktivitetar som fotturar og skiturar har vore stabile over tid – fotturar fordi dei er tilgjengelege, rimelege og skånsame for naturen, skiturar fordi dei har lang tradisjon.

Trass noko nedgang i deltaking sidan 1990-talet, ser vi at det er fleire aktive, særleg når det gjeld fotturar. Rapporten syner samstundes er det sosiale skilnader i deltaking: Yngre personar og dei med høg utdanning deltek mest, medan einslege forsørgjarar og dei med låg utdanning og inntekt deltek minst.

Dette digitale seminaret er ein del av ei webinarrekke som Vestland fylkeskommune arrangerer i løpet av Friluftslivets år 2025. Opptak av webinaret blir lagt ut på prosjektsida for Friluftslivets år på nettsida til Vestland fylkeskommune.