Arkivet etter Hotel Mundal blir del av Noregs dokumentarv

Hotellarkivet frå Fjærland blir det første i sitt slag som får plass i Noreg dokumentarv.

– Arkivet utgjer eit unikt kjeldemateriale, som på eineståande vis syner dei mangslungne sidene av turistnæringa ved eitt av landets mest tradisjonsrike reisemål. Det er svært gledeleg at arkivet no blir del av den nasjonale dokumentarven, seier Stian Davies, leiar for hovudutval for kultur, idrett og inkludering.

Han tok imot diplomet som er det synlege beviset på opptaket til Noregs dokumentarv under eit lanseringsseminar på Litteraturhuset i Oslo 1. desember. Det var Vestland fylkeskommune som nominerte arkivet tidlegare i år.

Foto av tre menn og ei kvinne som held opp eit diplom.
NASJONAL DOKUMENTARV: Diplomet som er det synlege beviset på at arkivet etter Hotel Mundal no er del av Noregs dokumentarv, vart overrekt på Litteraturhuset i Oslo 1. desember. Hovudutvalsleiar Stian Davies tok imot diplomet saman med Arnt Ola Fidjestøl, seksjonsleiar arkiv i Vestland fylkeskommune, og Olav Orheim og Hilde Mauritzen, som representerer familien som starta hotellet og dreiv det fram til litt ut på 2000-talet.

Syner viktigheita av privatarkiv

Arkivet etter Hotel Mundal er eitt av ni arkiv som vert teke opp i registeret i 2022, det første hotellarkivet nokon gong. Totalt kom det inn 29 nominasjonar. Noreg dokumentarv er den norske delen av UNESCO-programmet Memory of the World og skal gje eit breitt og representativt bilde av dokumentarven i Noreg.

– Arkivet etter Hotel Mundal synleggjer den store verdien bevaring av arkiv frå privat sektor har for det felles samfunnsminnet vårt, både regionalt og nasjonalt. Vestland fylkeskommune satsar på privatarkiv. Vi ønskjer at fylkeskommunen skal få eit lovfesta ansvar for å koordinere bevaringa av regionalt viktige privatarkiv. Det vil bidra til å ytterlegare styrke det viktige arbeidet til arkivinstitusjonane i fylket, seier Davies.

Gamal reklame for Hotel Mundal i Fjærland.
REKLAME: Kort veg til to isbrear og fisking i elv og fjord var stikkord i denne gamle reklamen for Hotel Mundal frå dei første tiåra av 1900-talet.

Lokalhistorie og hotellhistorie

Dei familieeigde hotella er eit karakteristisk fenomen i norsk reiselivshistorie. Hotel Mundal var familiedrive frå starten i 1891 og til nokre år ut på 2000-talet. Olav Orheim deltok på seminaret i Oslo og er barnebarnet til Brita og Olaus Dahle som starta hotellet i 1891 saman med tre av brørne til Brita.

Han tok saman med søskena sine vare på arkivet etter Hotel Mundal fram til fylkeskommunen ved seksjon arkiv overtok det på 1980-talet.

– Det er jo strålande at arkivet etter hotellet no blir del av den nasjonale dokumentarven. Alle i familien er glade for det. Hotellet var den største arbeidsplassen i Fjærland og var involvert i mange tiltak i bygda. Her er difor samla mykje lokalhistorie, i tillegg til hotellhistorie. Det er viktig at det er kome inn i eit arkiv, slik at det er mogleg å finne fram om ein leitar etter noko. Det er allereie skrive ei masteroppgåve frå dette arkivet, fortel Orheim.

Foto frå ei gamal framandbok frå Hotel Mundal. Det syner namn på gjester og kvar dei kom frå.
FRAMANDBOK: Arkivet etter Hotel Mundal inneheld blant anna framandbøker frå hotellet. Bøkene viser kven som besøkte hotellet og er ei viktig kjelde til opplysningar om namn på gjestene, og kvar dei kom frå. Bildet er frå den første protokollen i serien med framandbøker og gjeld frå 1894 til 1899.

Grunngjevinga

Det er den norske komiteen for verdens dokumentarv som avgjer kva dokument som blir innskrivne i registeret Noreg dokumentarv. I grunngjevinga for å innlemme arkivet etter Hotel Mundal skriv komiteen:

Arkivet etter Hotel Mundal dokumenterer turisme og reiselivsnæring frå oppstarten av hotellet i 1891 og fram til om lag 1980, og det i eit av dei mest ikoniske vestlandske fjordområda som både gjorde Noreg kjent som reisemål på 1800-talet og som var og er ein viktig turistdestinasjon fram til i dag. Det nær komplette arkivet etter Hotel Mundal er unikt i nasjonal samanheng med sin samanhengane dokumentasjon som gir eit tidsbilete av turismen frå framveksten av den utanlandske turistferdsla på slutten av 1800-talet, gjennom krig og krisetider, til det moderne reiselivet etter andre verdskrigen.

foto av Hotel Mundal
FØRSTE HOTELLARKIV: Arkivet etter Hotel Mundal blir det første hotellarkivet i Noregs dokumentarv. (Foto: Arlen Bidne/Vestland fylkeskommune)

Dokumenterer kvardagsliv

På slutten av 1800-talet var Balestrand og områda rundt, inkludert Fjærland, eitt av tyngdepunkta for den veksande turiststraumen. Hotellarkivet syner utviklinga av turismen og reiselivet, men også ringverknadane hotelldrifta skapte for lokalsamfunnet i Fjærland.

Bønder leverte matvarer til hotellet, og ikkje minst skapte den store tilstrøyminga av besøkande betydeleg aktivitet innan heimeyrke og suvenirproduksjon.

Hotelleigarane måtte òg jobbe for betre kommunikasjonar, noko som var grunnleggjande for eksistensen til hotellet. Denne utfordringa delte Hotel Mundal med både resten av bygda og med andre isolerte tettstadar. Slik fangar arkivet opp både det særeigne for turistbygda Fjærland og meir allmenne utviklingstrekk i Noreg.