Gratis nettkurs skal hjelpe unge å handtere negative tankar
Vestland fylkeskommune tilbyr nye digitale og anonyme Tankevirus-kurs hausten 2025. Kurset gir verktøy for å førebygge og handtere lette til moderate psykiske vanskar, og er retta mot elevar, lærlingar, lærekandidatar og tilsette som jobbar med ungdom.

Er sjølvtilliten frynsete og bekymringane hyppige? Grublar du mykje? Lyst til å lære nokre teknikkar for å få det betre?
Digitalt og anonymt
Tankevirus er eit gratis meistringskurs retta mot førebygging og meistring av lette til moderate psykiske vanskar. Kurset omtalar ulike negative tankemønster som tankevirus og lærer deltakarane om psykologiske vitamin som kan hjelpe mot tankevirus.
Kursa er digitale, og alle deltek anonymt.
I haust blir det to digitale samlingar på to timar kvar. Det er tilpasse ulike målgrupper:
- Kurs for tilsette i Vestland fylkeskommune, opplæringskontor og andre som jobbar med elevar og lærlingar: 5. og 12. september kl. 13.00-15.00.
- Kurs for elevar: 15. og 22. oktober kl. 19.30-21.30.
- Kurs for lærlingar og lærekandidatar: 29. oktober og 5. november kl. 19.30-21.30.
Kursa går over to dagar, og deltakarane må såleis setje av begge dagane.
Finst også som app
Tankevirus er òg tilgjengeleg som gratis app. Denne er kvalitetssikra og tilrådd av Helsedirektoratet og Helse- og omsorgsdepartementet. I 2022 var det 100 000 personar som lasta ned appen, og 7 av 10 opplever betring.
Vestland fylkeskommune kommune arrangerer Tankevirus-kursa.