Kurs i Tankevirus
Er du elev i vgs. eller lærling og grublar eller uroar du deg mykje? Ønsker du å bruke mindre tid på negative tankar? Då kan dette kurset vere noko for deg!

Kva er Tankevirus?
Tankevirus er eit gratis meistringskurs for dei som ønsker å bli meir merksame på eigne tankar. Kurset er sett saman av av ein populærvitenskapleg programserie i tre delar som presenterer negative tankar som ulike tankevirus som kan behandlast med psykologiske vitaminer.
Kven kan delta?
Kurset er digitalt med nettbaserte samlingar for deg som er i vidaregåande skulealder. Du deltek anonymt gjennom chat, utan kamera
I tillegg tilbyr vi kurset til skuletilsette, tilsette i opplæringskontor og faglege leiarar.
Når er kurset?
Kurset er gratis og har tre samlingar på 1,5 time.
Kurset for elevar og lærlingar
- 6. mars kl. 18.00–19.30
- 13. mars mars kl. 18.00–19.30
- 20. mars mars kl. 18.00–19.30
Kurset for tilsette
- fredag 20. januar kl. 13.00–14.40
- fredag 27. januar kl. 13.00–14.40
- fredag 3. februar kl. 13.00–14.40
Kven står bak kurset?
Vestland fylkeskommune og Frisklivsentralen i Bergen arrangerer kurs i Tankevirus.