Folkebiblioteka markerer utvandrarjubileet
Frå 9. september til 2. oktober får ti folkebibliotek i fylket besøk av forfattaren Svein Indrelid, som held føredrag med utgangspunkt i boka si Utvandrerne.

Føredragsturneen er støtta av Vestland fylkeskommune. Fylkeskommunen har ei regional koordinatorrolle i det nasjonale jubileet Crossings 200 og fungerer som eit bindeledd mellom lokale aktørar og den nasjonale jubileumskomiteen.
Emigrasjonshistorie frå Vestland
I Utvandrerne følgjer vi ei gruppe menneske frå Flåm, Aurland og Lærdal. Våren 1844 reiste dei til Bergen og steig om bord på skipet Juno, for å krysse havet til Amerika. Forteljinga er basert på eit stort kjeldemateriale, og tek lesaren tett på draumar og verkelegheit i fortida. Vi får også innblikk i korleis det var å bygge livet på nytt i eit ukjend land.
Opplevingane til desse menneska er langt på veg dei same som dei fleste norske emigrantane hadde i pionertida i 1840-åra. Boka er difor ikkje først og fremst lokalhistorie, men eit stykke norsk emigrasjonshistorie.
Forfattaren Svein Indrelid er professor emeritus i arkeologi frå Universitetet i Bergen. Han har gitt ut ei rekkje artiklar og bøker om kulturhistorie og arkeologi. Indrelid er frå Flåm og bur i Bergen.
Desse biblioteka får besøk av Indrelid
- Samnanger folkebibliotek: 9. september kl. 19.00
- Tysnes folkebibliotek: 11. september kl. 19.00
- Høyanger bibliotek: 16. september kl. 18,00
- Sogndal bibliotek: 17. september kl. 11.30
- Lærdal kulturhus: 18. september kl. 18.00
- Vågsøy folkebibliotek: 23. september kl. 18.00
- Stad bibliotek, avd. Nordfjordeid: 24. september kl. 19.00
- Aurland folkebibliotek: 30. september kl. 19.00
- Ulvik folkebibliotek 1.oktober kl. 19.00
- Odda bibliotek: 2. oktober kl.12.00