Vestland fylkeskommune skal markere utvandrarjubileet i 2025

– Utvandringa til USA for 200 år sidan er ein viktig del av både norsk og vestlandsk historie, som vi må sørgje for at komande generasjonar også kjenner til, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Gamalt svart-kvitt bilde frå hamna i New York.
AMERIKA: Hamna i New York var det første møtet med Amerika for svært mange av dei norske emigrantane. (Foto: ukjend fotograf. Foto-ID: SFFf-1994268.0002)

Fylkestinget vedtok 19. mars at fylkeskommunen skal inviterer med samarbeidspartnarar og etablere ein prosjektorganisasjon for jubileet i Vestland. Det er ønskeleg å utvikle eit formidlingsopplegg for barn og unge basert på historisk kjeldemateriell frå Vestland.

– Markeringa er eit høve til å markere ein viktig del av historia, samstundes som det kan skape ettertanke og diskusjon om prosessane innvandrarar går gjennom som tilflyttarar til Vestland. Vi ønskjer både å auke historiekunnskapen og skape refleksjon, seier Askeland.

Mykje og viktig kjeldemateriale

I 2025 er det 200 år sidan sluppen Restauration forlét hamna i Stavanger med 52 personar om bord og kurs mot New York. Det var den første planlagde gruppeutvandringa frå Noreg i moderne tid, og starten på ei folkevandring som i stor grad har prega norsk historie. Av i underkant av ein million nordmenn som emigrerte til USA mellom 1825 og 1920, var om lag 70 000 menneske frå dagens Vestland fylke.

– Både fylkeskommunen sjølv og arkiv- og museumsinstitusjonar i fylket forvaltar mykje og viktig historiske kjeldemateriale som dokumenterer utvandringa. Vi bør såleis ta eit koordinerande ansvar for at dette materialet vert aktualisert og formidla i samband med jubileet, seier Askeland.

Gamalt svart-kvitt frimerke med teikning av mann.
Cleng Peerson blir rekna som ein av dei som la grunnlaget for den norske utvandringa til Amerika. Han tok imot dei 52 menneska som kom til New York frå Stavanger med Restauration i 1825. Peerson har blitt kalla «pioneren for norsk utvandring til Amerika» og «den norske innvandringens far». (Foto: seksjon arkiv, Vestland fylkeskommune. Foto-ID: SFFf-100057)

Amerikansk markering?

Fylkestinget vedtok at fylkeskommunen skal undersøkje moglegheita for å markere jubileet også i USA. Fylkesdirektøren skal leggje fram ei sak for hovudutval for kultur, idrett og inkludering om dette seinare. Ei slik markering kan fremje Vestland gjennom kultur og gjerne i samarbeid med næringsliv og andre aktørar. Vesterheim Norwegian-American Museum i USA har allereie signalisert at dei ønskjer å vere del av prosjektet og markeringa av jubileet i 2025.

Det er også etablert ein nasjonal jubileumskomité for utvandrarjubileet. Visjonen er å synleggjere norsk utvandring som ein viktig del av nyare norsk historie, og korleis utvandringa kan skape forståing for integrering og fellesskap i det norske fleirkulturelle samfunnet.