TV-serie syner fram det viktige arbeidet til frisklivssentralane

Frisklivssentralen på Askøy har i fleire omgangar fått utviklingsstilskot frå Vestland fylkeskommune. No er sentralen del av ein serie i regi av Helsedirektoratet og VGTV.

Menneske på ei scene. Bilde med teksten Andre boller i bakgrunnen.
LANSERINGSFEST: Tv-serien «Andre boller» er i regi av Helsedirektoratet og blir vist som annonsørinnhald på VGTV. Frå Askøy frisklivssentral deltek fysioterapeut Frida Eili Espeland og deltakar Merete Solvik Eide. Fredag 26. januar var det lanseringsfest på Askøy. (Foto: Susanne Hesjevoll/Vestland fylkeskommune)

Ein frisklivssentral kan hjelpe deg å bli meir fysisk aktiv, få eit sunnare kosthald, slutte og snuse eller røyke eller å bli sterkare psykisk. Blant anna.

Det er ei helsefremjande og førebyggjande kommunal helseteneste. Ikkje det første du tenkjer på når du høyrer VGTV kanskje, men serien «Andre boller» i regi av Helsedirektoratet, blir no vist som annonsørinnhald på TV-kanalen.

Du kan sjå alle episodane av serien på denne lenka.

Små endringar og grep gir god gevinst

– «Andre boller» syner fram det viktige arbeidet som skjer ved frisklivssentralane rundt om i landet, at ein ved å gjere små endringar og små grep over tid, kan ein oppnå god helsegevinst, fortel Anita Svarstad Greenland, som er spesialfysioterapeut ved Askøy frisklivssentral.

Askøy er ein av to frisklivssentralar i Noreg som er med i serien. Sentralen stiller både med deltakar Merete Solsvik Eide og fysioterapeut Frida Eili Espeland i serien. «Andre boller» følgjer vanlege menneske med vanlege problemstillingar, og får fram korleis små endringar i sum kan gje god effekt for helse og livskvalitet.

To kvinner blir fotograferte.
Merete Solvik Eide (t.h.) er ein av seks deltakarar i serien «Andre boller». Med seg frå Askøy frisklivssentral har ho fysioterapeut Frida Eili Espeland. (Foto: Askøy frisklivssentral)

– Ein del av det som kjem fram i media når det gjeld livsstilsendring, har ei ekstremtilnærming. Det er ikkje for vanlege folk, som skal leve vanlege liv med dei utfordringane det byr på, seier Greenland.

Kommunane kan søkje tilskot innan 1. mars

Frisklivssentralane skal vere lågterskeltilbod. Dei kan bidra til å gje folk verktøy til å ta ansvar for eiga helse, noko som blir stadig viktigare når det blir fleire og fleire eldre.

Vestland fylkeskommune lyser kvart år ut midlar til frisklivssentralane på vegner av Helsedirektoratet. Her kan kommunane søkje økonomisk støtte til arbeidet med å fremje helse og livskvalitet, førebyggje sjukdom, tidleg intervensjon, og til at målgruppene lærer å meistre livet med sjukdom.

– Vi oppmodar alle kommunar i fylket, både dei med frisklivssentralar og dei utan er, til å søkje om pengar til dette viktige arbeidet. Dei som har frisklivssentralar allereie kan få støtte til å utvikle tilbodet sitt, medan dei utan kan få støtte til å etablere eit slikt eller eit liknande tilbod, seier Bente Blytt, leiar for folkehelse og integrering i Vestland fylkeskommune.

Les meir om tilskotsordninga og korleis søkje på denne lenka.

– Tilskotet er fantastisk døropnar

Anita ved frisklivssentralen på Askøy fortel at dei fleire gonger har både søkt og fått utviklingstilskot. Ho fortel at tilskotet gjer det mogleg å teste ut nye tiltak og modellar, som kan bli varige tilbod ved sentralen.

– Tilskotet er ein fantastisk døropnar, som gjer at vi kan prøve ut nye tiltak og sjå effekten av dei. Vi hadde ikkje hatt det tilbodet vi har i dag utan utviklingsmidlane. Det einaste ankepunktet er at vi sjølvsagt skulle hatt meir. Det tek store stillingsressursar å teste ut nye ting, seier ho.

Eit døme er Aktiv senior, eit tilbod som no er gjort permanent i Askøy kommune, men som starta ved hjelp av utviklingsmidlane. Det er eit vekentleg tilbod i tre bygder på Askøy og har rundt 200 deltakarar i veka.

– Med eit slikt opplegg kan eg som fysioterapeut gje effektiv oppfølging av eit titals menneske på 45 minutt. Vi må vekk frå individretta tilnærming, og heller ha tiltak som når mange. Det er med og førebyggjer einsemd og sosial isolering, samstundes som det utset funksjonsfall. Mange av deltakarane fortel at det har blitt høgdepunktet i veka deira, fortel Anita Svarstad Greenland.

Tre kvinner i blå jakker.
Anita Svarstad Greenland (f.v.), Frida Eili Espeland og Anne-Marte Sweetmore ved Askøy frisklivssentral. (Foto: Askøy frisklivssentral)

Nasjonal utviklingssentral

Frisklivssentralen på Askøy er ein av fleire nasjonale utviklingssentralar, som betyr at sentralen er sparringpartnar for Helsedirektoratet og fylkeskommunane. Dei nasjonale utviklingssentralane skal også drive innovasjon og utvikling og vere rollemodell og dele erfaringar med andre.

Det er to nasjonale utviklingssentralar i Vestland: på Askøy og i Bergen.