Tilskot til etablering og utvikling av kommunale frisklivs-, lærings- og meistringstilbod 2024

Kommunar kan no søke om støtte til etablering og/eller utvikling av frisklivs-, lærings eller meistringstilbod for 2024.

Vestland fylkeskommune lyser ut midler til  etablering og/eller utvikling av frisklivs-, lærings- eller meistringstilbod, med forbehald om endeleg godkjend statsbudsjett. Fylkeskommunen vil truleg få endeleg sum til fordeling i overgangen januar/februar, men oppmodar kommunane til å starte søknadsprosessen allereie no.

Føremål med ordninga

Tilskotsordninga skal støtte kommunane sitt arbeid med å å fremje helse og livskvalitet, førebyggje sjukdom, tidleg intervensjon, og til at målgruppene lærer å meistre livet med sjukdom. Ordninga skal støtte opp om arbeid med å skape like moglegheiter til å delta i verdiskaping. 

Dei kommunale frisklivs-, lærings- og meistringstilboda skal sørge for førebyggjande og helsefremjande tenester av god kvalitet, og vere ein samarbeidspartner i kommunen sitt folkehelsearbeid. Les meir om Frisklivssentralane si rolle i Helsedirektoratet sin rettleiar.

Søknadsfrist

Søknadsfrist for 2024  er 1. mars

Kva kan du få støtte til:

  • Etablering eller utvikling av kommunal frisklivssentral eller liknande tenestetilbod
  • Etablering eller utvikling av frisklivs-, lærings- eller meistringstilbod

Kven kan søkje

Kommunar i Vestland fylkeskommune.

Forventning kring støttebeløp

Det blir gitt støtte opp til 200 000 kroner for gjennomføring av prosjekt eller tiltak. I særskilde høve, m.a. der prosjekt omfattar desentraliserte tilbod, etablering av frisklivssentral eller liknande tilbod eller dersom prosjekt er interkommunalt, kan høgare løyvingar vurderast.

Vi prioriterer desse tiltaka og prosjekta

  • Søknadar som er i tråd med nasjonale tildelingskriterium og prioriteringar
  • Søknadar som omfattar etablering av ny frisklivsentral el. liknande tilbod i kommunen
  • Tiltak eller tilbod med interkommunalt samarbeid
  • Søknadar som godt skissera utvikling av tilbod og prosjekt som imøtekjem lokale behov og utfordringar i kommunen sitt kunnskapsgrunnlag.Til dømes i folkehelseoversikta
  • Kommunar som ikkje har fått tildeling frå ordninga dei siste tre år
  • Søknadar med føremål å styrke barnefamiliar, psykisk helse og/eller fysisk aktivitet

Fylkeskommunen vil bruke ovannemnde prioriteringslise, samt eigenandel i søknad, når vi vurderer og fordeler støtteverdige søknadar.

Sjå helsedirektoratet sine nettsider for meir informasjon.

Krav til søknad og vilkår for tildeling av midlar

  • Krav følger vilkår det nasjonale regelverket for tilskoittsordninga, kapittel 5, sjå Helsedirektoratet sine sider
  • For kommunar som søkjer om etablering av frisklivssentral skal søknad underteiknast av kommunedirektør eller den som har delegert mynde. For allereie etablerte frisklivssentralar skal søknad underteiknast av styreleiar eller den som har delegert mynde
  • Søknad skal sendast inn ved bruk av elektronisk søknadsskjema på denne siden. Teksten som søkjaren må fylle ut i kvar kategori skal skrivast kort og konsist. Innhaldet kan eventuelt utdjupast som vedlegg i søknaden
  • Eigenandel i søknad

Søknadar i tråd med regelverk og vilkår for tildeling kan likevel få avkorting eller avslag på søknad dersom totalt søknadsbeløp frå støtteverdige søknadar overgår total ramme for støtteordninga. I tillegg vil vi presisere frå regelverket at tilskot kan givast til same føremål i inntil maks. 3 år.

Andre aktuelle ressurser

Forvaltningslova ligg til grunn for all søknadshandsaming i Vestland fylkeskommune.

Alle søknader er i utgangspunktet offentleg tilgjengelege, jf. Forvaltningslova (Fvl.). Unnatakgjeld personopplysningar. Desse vert unnateke offentlegheita jf. Fvl. §13. I særlege tilfelle kan utsett offentlegheit vurderast etter Fvl.

Avdeling for Kultur og folkehelse førebur søknadane for politisk handsaming og vedtak i Hovudutval for kultur, idrett og inkludering. Handsaming av kvar søknad er eit einskildvedtak, og innstilling skal grunngjevast i saksframlegget. Vedtak som fråvik frå
fylkesdirektør si innstilling skal også grunngjevast.

Søknadene skal i hovudsak vere handsama innan tre månader etter søknadsfrist.

Vilkår og retningslinjer for gjennomføring av tiltak går fram av tildelingsbrev, og følger det nasjonale regelverket knytt til kapittel 6: Rapportering fra tilskuddsmottaker skal inneholde. Tilskotet må brukast i samsvar med planlagde aktivitetar på den måten og i det tidsrom som går fram av søknaden. Eventuelle vesentlege endringar i prosjektet må meldast skriftleg til fylkeskommunen for vurdering og godkjenning.

Krav til rapportering blir sendt ut saman med eventuelt vedtak om støtte. Tilskotsmottakar pliktar seg til å dele erfaringar med andre aktørar i ulike samanhengar. Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha høve til å setje i verk kontroll med at midlar vert forvalta som
føresett. Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha rett til dei dokument og opplysningar ein finn påkravd for kontroll.

Part eller andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket innan ein frist på tre – 3– veker. Fristen vart rekna frå den dagen søkjar fekk melding om vedtaket.

Ei eventuell klage må innehalde opplysningar om kva vedtak det vert klaga over, årsaka til klage og kva endringar ein meiner bør gjerast. Klage kan sendast til Vestland fylkeskommune.