Kostnadsestimatet for Bybanen til Åsane ligg fast

Ei kvalitetssikring som Holte Consulting har gjennomført for Vestland fylkeskommune viser at dei opphavlege kostnadsoverslaga for Bybanen til Åsane ligg fast på 18,2 milliardar kroner i dagens kroneverdi. Samstundes peikar rapporten på moglege kostnadsreduksjonar på inntil 7 milliardar kroner. Dermed kan prosjektet gjennomførast innanfor den økonomiske ramma i gjeldande Nasjonal transportplan (NTP).

Bybanen i Bergen.
BYBANEN: Holte Consulting har gjennomført ei såkalla KS2-vurdering for utbygginga av byggjetrinn 5 av Bybanen frå sentrum til Vågsbotn for Vestland fylkeskommune. (Illustrasjonsfoto: Iver Daaland Åse/Bybanen utbygging)

– Kvalitetssikringa viser at det er jobba godt med både kostnadsoverslag og optimalisering av løysingar. Kostnadene for prosjektet er i kvalitetssikringa redusert med 400 millionar kroner. Realisering av Bybanen er det tiltaket som vil ha størst effekt for kollektivstrekninga til Åsane, seier fylkesdirektør Rune Haugsdal.

Har gått gjennom talgrunnlaget

Statleg finansierte investeringsprosjekt over ein viss storleik skal gjennomgå ekstern kvalitetssikring før dei vert lagt fram for Stortinget. På oppdrag frå Vestland fylkeskommune har difor Holte Consulting gjennomført ei såkalla KS2-vurdering for utbygginga av byggjetrinn 5 av Bybanen frå sentrum til Vågsbotn. I rapporten tilrår Holte Consulting at byggjetrinn 5 får ei styringsramme (P50) på 18,2 mrd. kr eks. mva. og ei kostnadsramme (P85) på 21,4 mrd. kr eks. mva. Tala er rekna i kroneverdi per 4. kvartal 2023. Samanlikna med tidlegare kostnadsoverslag er dermed kostnadene reduserte med 400 mill. kr.

Størst effekt ved å byggje samanhengande trasé

Fylkeskommunen har over lang tid peika på at det er realisering av Bybanen som har størst effekt for kollektivtrafikken til Åsane, noko ein først oppnår når banen er bygd heile strekninga mellom sentrum og Åsane.

– Målet er å opne Bybanen mellom sentrum og Åsane terminal så tidleg som mogeleg for at prosjektet skal gi eit forbetra kollektivsystem mellom sentrum og Åsane, seier fylkesdirektøren

Fleire aktuelle innsparingstiltak

I KS2-rapporten er det identifisert moglege kostnadsreduksjonar på opp mot 7 mrd. kr. Dette kan til dømes vere kutt eller utsetting av delstrekningar og enkeltelement eller nedskalering av funksjonalitet og kvalitetar.

– Sjølv om vi primært tilrår å byggje ein samanhengande trasé til Vågsbotn, er det fullt mogeleg å realisere eit godt fungerande og nedskalert prosjekt innanfor dei økonomiske rammene for gjeldande NTP, understrekar Rune Haugsdal.

Han peikar i første omgang på følgjande moglege tiltak for å redusere kostnadane:

  • Byggje Bybanen frå Bergen sentrum til Åsane terminal og utsetje vidare utbygging til Vågsbotn: mogleg innsparing 3,4 mrd. kr
  • Utsetje bygging av ny sykkelveg frå Eidsvåg til Vågsbotn: mogleg innsparing 1,4 mrd. kr
  • Vurdere løysinga for haldeplass ved Sandviken kirke: mogleg innsparing 1,2 mrd. kr
  • Ikkje oppgradere sykkelveg Bradbenken – Glass Knag (Sjøgaten) som er under bygging: mogleg innsparing 0,7 mrd. kr

Drivkraft for byutvikling 

Fylkesdirektøren er nøgd med KS 2-rapporten, som viser at det har vore arbeidd intenst over lang tid for å identifisere aktuelle kostnadsreduserande tiltak.

– Bybanen har vore ein stor suksess for kollektivtransporten i Bergen og er i dag sjølve ryggrada i kollektivsystemet mot Flesland og Fyllingsdalen. Denne suksessen vert det no mogeleg å vidareføre også til Åsane med dei nye kostnadstala som her ligg føre. Dette vil utan tvil bety svært mykje for utviklinga av byområda frå sentrum og nordover, og gagne både miljøet, innbyggjarane og næringslivet, seier Rune Haugsdal.