Vestland sin tur til samferdselssatsing
– Det er vår tur no. Vestlandet må få meir av samferdselsmidlane denne gangen, seier fylkesordførar Jon Askeland etter at tre innspelsmøte til nasjonal og regional transportplan er gjennomført. Fylkeskommunen har fått mange innspel på møta på Skei, Stord og i Bergen.

– Desse innspelsmøta er ein viktig del av den demokratiske prosessen rundt nasjonal transportplan (NTP) og rullering av handlingsprogrammet til regional transportplan. Vi har delt inn i tre regionale møte for å kome i tettare dialog med kommunane og regionale organisasjonar. Vi har spesielt utfordra regionråda til å kome med innspel. Hovudbodskapen er at no er det Vestland sin tur til å bli høyrd, understrekar fylkesordføraren.
Høg økonomisk ramme
– Vi treng høg økonomisk ramme for ny NTP, då me har dei største behova, og den dårlegaste standarden på både riks- og fylkesvegar. I tillegg gjev investeringar hjå oss auka verdiskaping. Våre prosjekt må derfor bli prioritert. Dette er prosjekt som samlar fylket og knyt oss tettare saman. Uttalen vår til nasjonal transportplan må telle tungt, seier Askeland.

Mange prosjekt står for tur
På dei tre innspelsmøta vart det tala varmt om alle samferdselsprosjekta i Vestland som står for tur. Fylkesordføraren har gode argument for at Vestland må få meir pengar.
– Vestland har dårlegare vegstandard enn andre delar av landet. Vi har store utfordringar med infrastrukturen. Vi kan ikkje tru at vi bur i det same landet, når vi ser vegstandarden i andre landsdelar. Det er store behov frå nord til sør, frå aust til vest. Vi er verdiskapingsfylke nummer ein her i landet. Å bygge god infrastruktur hjelper.

Byvekstavtale
Fylkesordføraren meiner vidare satsing på kollektivutbygging også er viktig.
– Vi har den mest velfungerande byvekstavtalen i landet. Vidareføring av avtalen er heilt sentral i satsinga på nullvekst i biltrafikken. Vi har kollektivsuksessen, Bybanen, som treng meir pengar. Den må vidareutviklast.

Nei til nedskjering
På alle tre innspelsmøta la Nils Magne Slinde i Statens vegvesen fram deira prioriteringar til nasjonal transportplan for perioden 2022 til og med 2033. På grunn av lågare rammer er fleire prosjekt i Vestland ikkje prioritert eller er utsett.
Fylkesordføraren kan ikkje godta slike nedskjeringar.
– Vi har fått beskjed om at det er trongare tider. Men vi treng pengane og kan ikkje kutte i prosjekta. Vi vil framleis ha høg ramme på løyvingane til nasjonal transportplan, slik at vi får realisert alle prosjekta vi har. Utfordringane er mange. Vi må kjempe for interessene våre, seier fylkesordføraren, som er glad for den tydelege støtta til dette i møteserien.

Alle innspel blir lagt ut
På dei tre innspelsmøta var det mange innlegg. Alle innspel blir no gått gjennom av Vestland fylkeskommune. Dei blir lagt ut på vlfk.no/ntp.
Fylkesdirektøren skal legge fram forslag til uttale frå fylkeskommunen i slutten av mai. Første politiske behandling skjer i hovudutval for samferdsel og mobilitet 30. mai. Deretter går saka til fylkesutvalet 6. og 7. juni, før fylkestinget gjev endeleg uttale 14. og 15. juni. Fristen for innspel til nasjonal transportplan er 3. juli.