Over 20 millionar kroner til verna og freda fartøy i Vestland

Hovudutval for kultur, idrett og inkludering har fordelt pengar til både å sikre og setje i stand og å drifte og forvalte verna og freda fartøy.

Veteranferja MF Skånevik på Fjærlandsfjorden.
FREDA FERJE: MF Skånevik, her i turisttrafikk på Fjærlandsfjorden, er ei av dei freda ferjene i fylket. Ferjelaget Skånevik får no 1,2 millionar kroner til sikring og istandsetjing og 350 000 kr til drift og vedlikehald av ferja. (Foto: Harald Sætre)

– Med langstrekt kystline og mange og lange fjordar er Vestland naturleg nok eit fylke med ei rik maritim historie. Vi er fylket i landet med flest freda og verneverdige fartøy, og det er ei viktig oppgåve for oss som fylkeskommune å ta vare på desse flytande kulturminna, seier Stian Davies, leiar for hovudutval for kultur, idrett og inkludering.

Mange frivillige, lag og organisasjonar tek på seg eit stort både fagleg og økonomisk ansvar med å ta vare på veteranbåtane. Dei kan få offentleg støtte til både istandsetjing og sikring og til drift og forvaltning, slik at dei kan ta vare på båtane og formidle kunnskap om dei.

15,5 millionar til sikring og istandsetjing

Når det gjeld tilskot til å sikre og setje i stand verna og freda fartøy, så varierer summane frå 200 000 kr og oppover i tildelinga frå hovudutvalet i møtet 22. mars. Folgefonn I, eigd av Hardanger og Voss museum, får den største løyvinga på 3 millionar kroner.

– Det vart søkt om totalt 52 millionar kroner, noko som syner at det er stort behov for sikring og istandsetjing av mange fartøy. Det krev hard prioritering mellom mange gode og viktige tiltak. For å få ei betre overblikk over situasjonen ber hovudutvalet no fylkesdirektøren om ei oversikt over status på prosjekta som har søkt om midlar, seier Davies.

Oversikt over alle fartøya som fekk støtte til sikring og istandsetjing ligg i saksframlegget til hovudutvalet. Fordelinga vart vedteken som ho står i framlegget.

4,6 millionar til forvaltning og drift

Hovudutvalet fordelte om lag 4,6 millionar kroner til forvaltning og drift. Tre millionar gjekk til fartøy som er eigde av stiftingar og liknande, medan i overkant av 1,6 millionar var til båtar som er eigde av museum. Dei to som fekk mest var S/J Mathilde, som er eigd av Hardanger fartøyvernsenter og Stord I, eigd av Stiftelsen D/S Stord I.

Oversikt over alle fartøya som fekk støtte til forvaltning og drift ligg i saksframlegget til hovudutvalet. Fordelinga vart vedteken som ho står i framlegget.