Fartøyvern i Vestland

Som kyst- og fjordfylke er Vestland naturleg rik på maritim historie og er det fylket med flest freda og verneverdige fartøy. Det er ei viktig oppgåve – for både fylkeskommunen og andre – å ta vare på desse flytande kulturminna, som kjelder til kunnskap og oppleving.

Fartøyvernet i Vestland byggjer på ein stor frivillig innsats og sterke fagmiljø. Eit hovudmål for Vestland fylkeskommune er å styrke vilkåra for dei som forvaltar og driftar fartøya, sikre vidareføring av kunnskap og gje gode rammer for rekruttering av nye generasjonar. 

Å setje av regionale midlar til vern av fartøy har vore prioritert på lik line med andre felt innan kulturminnevernet.

Verneflåten i Vestland

Omlag 250 fartøy har fått vernestatus i Noreg, medan 16 fartøy er freda. I Vestland har vi 48 fartøy med vernestatus og seks som er freda, då dei har ein særskilt kulturhistorisk verdi. Du kan lese meir om verna fartøy på portalen kulturminnesøk på nettsidene til Riksantikvaren

Regionalisering

Frå 2020 tek fylkeskommunane over forvaltingsansvaret for verna og freda fartøy. Det tyder at fylkeskommunen mellom anna vil utarbeide nye fredingsforslag og gje generell rettleiing i einskildsaker. Fylkeskommunen skal også behandle saker som gjeld

  • dispensasjon frå fredingsvedtak
  • søknad om utførsel
  • søknad om status som verna skip

Frå 2021 (med søknadsfrist 1. november 2020) vil fylka overta forvaltinga av tilskotsordninga for post 74 (tilskot til fartøy).

Fartøy som har fått tilskot frå Riksantikvaren i 2020, vert fylgde opp av Riksantikvaren.

Fylkeskommunal tilskotsordning

Fartøy med heimeadresse i Vestland, og som har fått tildelt status som verneverdig fartøy av Riksantikvaren, kan søke stønad frå fylkeskommunen om