One Ocean Expedition Summit: Krafttak for havet i Håkonshallen
– Vi håpar audmjukt at One Ocean Week blir den viktigaste maritime møteplassen i verda for politikarar, forskarar, næringsliv og ungdom, sa fylkesordførar Jon Askeland på One Ocean Summit-konferansen i dag.

Heimkomsten til Statsraad Lehmkuhl markerte slutten på One Ocean Expedition og starten på One Ocean Week. I dag stod både regjeringa sin havkonferanse og konferansen One Ocean Expedition Summit i regi av Vestland fylkeskommune og Bergen kommune, på programmet i Håkonshallen.
Helsing frå kronprinsen
På den høgtidlege opninga måndag morgon deltok kronprins Haakon med ei helsing. Når det gjeld klimaspørsmål omtalar han seg som realistisk optimist.
– Vi er alle avhengige av havet. Utan friske hav, har vi ein sjuk planet. Dersom vi skal ha ei berekraftig framtid, må vi redusere CO2-utsleppa, ta betre vare på dei marine økosystema og avgrense forureininga i havet, sa han.
– Sentrale i det grøne skiftet
Gjennom konferansen One Ocean Expedition Summit markerte Vestland fylkeskommune og Bergen kommune at «Statsråden» er tilbake frå verdsekspedisjonen sin. One Ocean Expedition er del av FNs tiår for havforsking for berekraftig utvikling.
– One Ocean Expedition har invitert til å kome saman for å løyse dei store utfordringane vi står overfor i klimakampen. Gjennom å kople den sterke marine forskinga og tradisjonane for nyskaping, handel og eksport, er vi her vest sentrale i det grøne skiftet, sa Askeland.

Han viste til då fylket skulle kjøpe nye ferjer som eksempel.
– Då nøgde vi oss ikkje med éi pilotferje, men vi gjekk like godt for 20 nullutsleppsferjer i ein ordre. Dette kombinerte næringslivutvikling og klimatiltak, det blei business for leverandørane, og vi fekk verdas fremste klynge for grøn skipsfart. Dette har skapt ringar i vatnet langt utover vår vesle flik av verda.
Havbyen Bergen
Havbyen Bergen er eit initiativ og samarbeid som skal fremje auka samhandling, attraktivitet, berekraftig vekst og kompetanse i havnæringane med Bergen som sentral drivkraft. Mange partnarar frå det offentlege, forsking og næringslivet er med, og fylkesordførar Jon Askeland er styreleiar. Bergen kommune er ein anna viktig partnar.
– Det gjer meg stolt og kry at havbyen Bergen som ligg i havregionen Vestland, blir sentrum for ei storstilt utforsking av havet, og kva vi saman kan gjere for å sikre havet ei god framtid, sa byrådsleiar Rune Bakarvik i innlegget sitt.
Arrangementet i Håkonshallen blei leia av BBC-journalist David Eades. Mange prominente gjester deltok, og programmet var sett saman av både innlegg, paneldebattar og diskusjonar om kva ekspedisjonen kan lære oss.
Eit passande namn
One Ocean Expedition er del av FNs havtiår og gjennom forsking og teknologi har skipet samla inn informasjon om korleis vi menneske påverkar havet.
– One Ocean Expedition var eit svært passande namn, for det er verkeleg berre eitt hav på denne blå planeten. Når det gjeld sjøen og havet, så kjem vi ikkje vekk frå at heng alt saman. Eg vil også understreke viktigheita av ordet ekspedisjon i namnet på One Ocean Expedition. Jordomseglinga har teke havforskingstiåret til FN til alle verdshjørne, sa Peter Thomson, FNs spesialutsending for havet.
