Inviterer til havveke når Statsraad Lehmkuhl kjem heim i april
Heimkomsten til Statsraaden markerer starten på den første utgåva av One Ocean Week, ei veke med konferansar, møte, aktivitetar og kultur i Bergen 15.–21. april.
Statsraad Lehmkuhl returnerer frå jordomsegling 15. april. Det markerer starten på One Ocean Week 2023, som blir ei veke med søkjelys på berekraftig utnytting av havet.
Alle kan bidra
One Ocean Week er eit samarbeid mellom Havbyen Bergen og partnarar, med støtte frå Vestland fylkeskommune og Bergen kommune.
– I regionen vår finn vi sentrale nærings-, kunnskaps- og forvaltningsmiljø innanfor havnæringane. Dei står samla for å styrke havnasjonen Noreg og leie an for eit berekraftig hav, seier fylkesordførar Jon Askeland, som også er styreleiar for Havbyen Bergen.
– Verda treng ein arena der vi samlast og saman ser på moglegheitene for å løyse dei utfordringane vi står overfor. Ei berekraftig tilnærming til havet er ein føresetnad for at vi også i framtida skal kunne leve av havet, og det er heilt naturleg at Havbyen Bergen tek eit ekstra ansvar, seier byrådsleder Rune Bakervik.
Dei oppmodar fleire om å bli med og skape innhald under One Ocean Week.
– Her kan alle bidra, små og store aktørar med ein variasjon av arrangement og aktivitetar, seier dei.
Program for veka
Programmet blir oppdatert fortløpande på oneoceanweek.com.
Du kan også abonnere på nyheitsbrev frå Havbyen Bergen og få oppdateringar om veka på Facebookog LinkedIn.
Følg Statsraaden heim
Statsraad Lehmkuhl er no i tredje siste etappe av jordomseglinga i havets teikn. Du kan følgje reisa heim til Bergen på The One Ocean Expedition.
Meld inn arrangement
Har verksemda, organisasjonen eller foreininga di eit arrangement som kan passe inn i veka, eller ein god idé? Meld det inn til oss! Du kan også registrere ønske om standplass. One Ocean Week legg til rette for felles marknadsføring og koordinering av programmet. Meld inn arrangement eller ønske om stand på oneoceanweek.com.
Er det noko du lurer på og ikkje finn informasjon om på nettsida? Ikkje nøl med å ta kontakt på e-post contact@oneoceanweek.no.