Nynorsk i ny opplæringslov: – Ikkje godt nok
Framlegget til ny opplæringslov løyser ikkje utfordringa nynorskelevar har med å få læremiddel og læringsressursar på nynorsk, meiner hovudutval for opplæring og kompetanse.

– Som det største nynorskfylket og med ansvar for mange elevar som har nynorsk som hovudmål, har vi eit ansvar for å krevje nynorskelevane sin rett. Mange opplever at læremiddel og læringsressursar ikkje ligg føre på nynorsk på same tid som på bokmål. Det er uhaldbart, og det undergrev retten nynorskelevane har til å få opplæring på sitt eige skriftspråk, seier Karianne Torvanger, leiar for hovudutval for opplæring og kompetanse.
Eit samla hovudutval vedtok 25. april ein uttale der dei krev at definisjonen av læremiddel må femne om alle læringsressursar og verktøy som er laga for eller som blir brukte i opplæringa.
Nødvendig å lovfeste nynorskkrav
Hovudutvalet er nøgde med at det i forslaget til ny opplæringslov vert føreslått å innføre krav utan vilkår om at skulane skal bruke skriveprogram som støttar både nynorsk og bokmål, men meiner dette ikkje er nok. Utvalet slår fast at parallellitetskravet, som går ut på at læremiddel skal finnast på både bokmål og nynorsk til same tid, også må gjelde læringsressursar. Ein læringsressurs kan vere til dømes pedagogiske nettsider, videospel og ulike appar som blir brukte i undervisninga.
– Slik situasjonen er rundt om i norske klasserom i dag meiner hovudutvalet at det er nødvendig å lovfeste nynorskkrav til læringsressursar som er utvikla til bruk i skulen. Framlegget til ny opplæringslov tek ikkje høgde for dette slik det er lagt fram, seier Alexander Fosse Andersen, medlem i hovudutval for opplæring og kompetanse og leiar for Nynorskfylket Vestland.
Uttalen frå hovudutvalet blir sendt til kunnskapsminister Tonje Brenna og alle partigruppene på Stortinget, som skal vedta den nye opplæringslova.
Uttalen frå hovudutval for opplæring og kompetanse
Opplæringslova må sikre nynorskelevane!
Vestland er det største nynorskfylket med over halvparten av alle nynorskelevane i Noreg, og svært mange av elevane i vidaregåande skule har nynorsk som hovudmål. Skulekvardagen er utfordrande for mange nynorskelevar. Mange opplever at læremiddel ikkje ligge føre på nynorsk til same tid som på bokmål, og skriveprogram som skular nyttar seg av støttar ikkje nynorsk. Denne situasjonen er uhaldbar og undergrev nynorskelevane sin rett til å få opplæring på eige skriftspråk.
Hovudutval for opplæring og kompetanse i Vestland difor er glad for at det i ny opplæringslov vert foreslått å innføre krav utan villkår om at skulane skal bruke skriveprogram som støttar både bokmål og nynorsk. Likevel løyser ikkje framlegget til ny opplæringslov utfordringa med svært mange læringsressursar berre på bokmål.
Nynorskelevane fortener ein skulekvardag der dei som nynorskbrukarar vert tekne vare på og sikrar dei dei same rettane som bokmålselevar, også i ein meir digital skule. Læringsressursar utvikla for bruk i opplæringa må difor få krav om å kome på bokmål og nynorsk til same tid og pris. Slik situasjonen er i rundt om i norske klasserom meiner hovudutvalet for opplæring og kompetanse det er trong å lovfeste parallellkrav til læringsressursar utvikla for bruk i skulen.