Nynorskfylket Vestland

20 frivillige, ideelle, offentlege og private aktørar med regional funksjon i Vestland står bak nettverket Nynorskfylket Vestland.

Vestland fylkeskommune er sekretariat for Nynorskfylket Vestland, og fylkestinget i Vestland vel leiar og nestleiar for nettverket.

Mandatet til nettverket vart vedteke i fylkesutvalet i Vestland 26. november 2020:

Nynorskfylket Vestland er eit nettverk som jobbar for auka bruk og fremjing av nynorsk på alle samfunnsområde i Vestland fylke. Nettverket er arena for deling, fagleg utvikling og språkpolitiske diskusjonar. Vi vil fremje nynorsk språkidentitet og klarspråk. Vi vil løfte nynorsk som daglegspråk, i digitaliseringa, i kunsten, i opplæring, arbeids- og næringsliv. Nettverket kan gje råd til folkevalde organ i nynorsksaker.

Alexander Fosse Andersen er leiar for Nynorskfylket Vestland.

Desse er med i nettverket:

  • Vestland fylkeskommune
  • Statsforvaltaren i Vestland
  • Universitetet i Bergen
  • Høgskulen på Vestlandet
  • Utdanningsforbundet Vestland
  • KS Vest-Norge
  • LO Vestland
  • Lotteri- og stiftelsestilsynet
  • Sogn og Fjordane Mållag
  • Hordaland Mållag
  • LNK – Landssamanslutninga av nynorskkommunar
  • Memoar – norsk organisasjon for munnleg historie
  • Olav H. Hauge-senteret/Nynorsk kultursentrum
  • Jakob Sande – senter for forteljekunst
  • Sparebanken Sogn og Fjordane
  • Det Vestnorske Teateret
  • Teater Vestland
  • Bergen Internasjonale litteraturfestival
  • Nynorsk avissenter
  • Nynorsk mediesenter