Lærer kultur og samhald over landegrensene

– Elevane lærer kultur og opplever samhald og forståing over landegrensene, seier fagleiar Mercedes Morales ved Amalie Skram videregående skole. I tida framover har dei internasjonale dagar og besøk frå ni utanlandske skular.

Elevar på scene dansar og syng.
TIL TOPPS: Elevane frå Sevilla i Spania gjekk heilt til topps i Melodi Grand Prix under dei internasjonale dagane på Amalie Skram videregående skole. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Over hundre utanlandske elevar og lærarar er på Amalie Skram vgs. Kvar klasse er her ei veke. Dei kjem ikkje samstundes, men fordelar seg over fleire veker framover.

Høgdepunktet under dei internasjonale dagane er Melodi Grand Prix. Kvar klasse øver inn ein song som har vore med i den internasjonale finalen Eurovision song contest. Den blir framført på eit eige sosialt arrangement i idrettshallen på skulen, med alle elevar og tilsette til stades. Til stor jubel går kvar klasse på scena i tur og orden og framfører innslaget sitt i eit fyrverkeri av song, dans og visuelle innslag. Ein eigen jury er oppnemnd og til slutt blir vinnaren kåra.

Tre elevar frå Spania.
Tre av elevane frå Sevilla i Spania, Lucia Mailla, Ivan Cono og Marta Santiago, feirer sigeren med champagnebrus. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Bandido frå Sevilla

Heilt til topps gjekk elevane frå Sevilla i Spania som framførte songen «Bandido» som Azucar Morena song fram til 5. plass i 1990 i den internasjonale finalen i Zagreb i dåverande Jugoslavia.

– Dette var overraskande. Det var spennande å vere med, men vi trudde ikkje vi skulle vinne, seier Lucia Mailla, Ivan Cono og Marta Santiago, tre av elevane i klassen frå Sevilla. Etter sigeren fekk dei servert champagnebrus og gjekk glad og jublande av scena etter å ha framført vinnarsongen nok ein gong.

Elervar dansar og syng
Elevane på vg2 media og kommunikasjon ved Amalie Skram videregående skole framførte «Fairytale» som Alexander Rybak vann med i 2009. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Kaldt, men fint

Klassen frå Spania har aldri vore i Noreg før.

– Dette er første gongen vi er i Bergen. Det er kaldt her, men fint. Vi skal bu her ei veke, oppleve mykje og reise ein del rundt og sjå Vestlandet, seier Lucia Mailla, Ivan Cono og Marta Santiago.

Fire utanlandske klassar er for tida ved Amalie Skram videregående skole. To frå Spania, ein frå Frankrike og ein frå Tyskland. I tida framover kjem det nye klassar frå Tyskland, Frankrike, Spania og to klassar frå Italia.

Elevar dansar og syng
Elevane i klasse 2E ved Amalie Skram videregående skole framførte «Haba haba» som Stella Mwangis vann den norske finalen med i 2011. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Skal sjå Vestland

– Alle klassar som kjem hit har eige program. Dei skal mellom anna få sjå fylket. Vi reiser mellom anna til Voss, Rosendal og Fløyen og er innom Vil Vite og Kode. Elevane bur hos vertsfamiliar. Dei får bu heime hos elevar ved skulen. I mars reiser våre elevar på gjenvisitt utanlands og bur hos vertsfamiliane til eleven som budde hos dei, seier Mercedes Morales. Ho er fagleiar i salsfaget for lærlingar og utveksling og har ansvaret for Melodi Grand Prix-arrangementet.

Publikum i sal
Dei spanske elevane på dei fremste radane gjorde seg bemerka. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Alle vil reise utanlands

– Tilbodet om utanlandsopphald går til alle elevane på vg2. Alle vil vere med på det. Elevane opplever samhald og forståing. Dei får oppleve korleis ungdom i andre land har det, kva kultur dei har, og kva dei er interessert i. Elevane får god kontakt med kvarandre. Og mange knyt varige venskapsband, seier Morales.

Jury under songkonkurranse
Den fargerike juryen i Melodi Grand Prix på Amalie Skram videregående skole. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Utveksling med mange skular

Amalie Skram videregående skole har samarbeid med ein rekke land og skular i verda. Dette omfattar land som Tyskland, Austerrike, Frankrike, Spania, Italia, Kroatia, Tyrkia, Kina, Japan og Martinique.

Elevutveksling blir finansiert gjennom Erasmus pluss-midlar gjennom Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir).