Elevar laga Melodi Grand Prix i Bergen

– Det har vore veldig kjekt å treffe norske ungdommar, seier Naomi Abbas frå Frankrike. I ei veke har ho og over 100 andre utanlandske elevar vore i Bergen. Eit høgdepunkt var då dei norske og utanlandske elevane feira den europeiske songkonkurransen Eurovision song contest.

Elevar ved Amalie Skram videregående skole syng.
WATERLOO: Elevar ved Amalie Skram videregående skole framfører Waterloo av Abba under den internasjonale Melodi Grand prix-finalen på skulen. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Dei utanlandske elevane er frå sju skular i fire land: Tre klassar frå byane Caen og Granville i Normandie, Frankrike, to klassar frå byane Sevilla, Cadiz og La Union i Spania, og ein klasse frå Tyrkia og ein klasse frå Kroatia. Elevane er gjester på Amalie Skram videregående skole og bur hos dei norske elevane, som er vertsfamiliar. Elevane frå Caen, La Union, Capadoccia og Hvar deltek i to Erasmus-pluss-prosjekt.

Franske elevar og lærar på Amalie Skram videregående skole under internasjonal veke.
– Vi føler oss meir frie her enn heime i Frankrike, seier Naomi Abbas (i midten) som bur i vertsfamilie hos Tobias Riple (t.h.) her i Bergen. Maria Olsen står i spissen for elevutvekslinga som internasjonal koordinator og som assisterande rektor ved Amalie Skram videregående skole. T.v: Perrine Guillory og Lilly Flambard som går i same klasse i Frankrike. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

16 Grand Prix-songar

Ein av aktivitetane var songkonkurransen der elevane skulle framføre songar som har vore med i den internasjonale finalen i Melodi Grand Prix. Dei norske og utanlandske elevane delte seg inn i 16 grupper som valde seg kvar sin song som vart framført på scena på skulen med alle elevane og lærarar som publikum. Her fekk vi høyre Waterloo til Abba, Fairytale til Alexander Rybak, Nocturne til Secret Garden sunge på kinesisk, La det swinge til Bobbysocks og J’ame la vie som Sandra Kim gikk til topps med i Bergen i 1986.

Spanske elevar på besøk på Amalie Skream videregående skole syng og dansar.
Dette likte juryen best: Elevar frå den spanske skulen La Union i Cadiz framførte Estando contigo, som Spania fekk 9. plass i den internasjonale finalen i 1961. Dei imponerte med både song og dans. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Til topps

Elevane hadde med seg mat frå heimlandet som vart laga til og servert under songkonkurransen. Det var høg stemning og stor jubel, og til slutt kåra juryen vinnarane frå skulen Maria Cegarra i La Union i Murcia, Spania. Dei framførte det spanske bidraget til finalen i 1961: Estando contigo som den gong vart framført av Conchita Bautista og hamna på 9. plass.

Elevar ved Amalie Skram videregående skole som syng. Foto.
Elevar med spansk som framandspråk framfører den spanske songen som fekk 9. plass i den internasjonale finalen i 1977: Ensename a Cantar. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Kulturell oppleving

Tobias Riple var ein av konferansierane under songkonkurransen. Han har fransk som framandspråk.

– I mars var ei veke på utveksling i Caen i Normandie. Det var ei veldig kulturell oppleving. Vi reknar med at det er mykje av den same kulturen i alle land, men det stemmer ikkje. Vi merka at i Frankrike er foreldra meir autoritære enn her og vi har mindre fridom i Frankrike enn her i Noreg. Eg har lært ein del fransk, men eg budde hos ein engelsktalande familie, så engelsken min er blitt mykje betre, seier Riple.

Franske elevar på besøk på Amalie Skram videregående skole syng.
Elevar frå Caen i Normandie framfører J’ai cherche som fekk 3. plass i den internasjonale finalen i 2016. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

– Føler oss frie i Noreg

I Frankrike budde han hos familien til Naomi Abbas. No er ho i Bergen og bur hos familien til Tobias Riple.

– Det er veldig spennande å vere her. Det har vore kjekt å treffe norske ungdommar. Vi har eit godt forhold. Men det er ein god del som er forskjellig frå Frankrike og Noreg. Mellom anna et vi til heilt andre tider heime enn her, og vi føler oss meir frie her enn heime, seier Naomi Abbas.

Spanske elevar på besøk på Amalie Skram videregående skole syng.
Denne klassen frå Sevilla framførte Baila el chiki chiki som fekk 16. plass for Spania i den internasjonale finalen i 2008. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Flott tur til Spania

Ein annan elev, Sindre Nilsen, spilte gitar på Waterloo og var i mars med spanskklassen i Cadiz, sør for Sevilla.

– Det var ein flott tur. Eg har spansk som framand språk. Foreldra i vertsfamilien eg budde hos, kunne ikkje engelsk, så eg lærte mykje spansk. Men vi elevar imellom snakkar mykje engelsk saman, seier Sindre Nilsen.

Juryen på fire under songkonkurransen ved Amalie Skram videregående skole i arbeid.
Dei fire i juryen jobba hardt med å kåre vinnaren i songkonkurransen: Inga Heggstad (f.v.), Ivar Gundersen, Hilde Marie Vaage, alle tilsett ved Amalie Skram videregående skole, og Eldrid Gaukstad som er tilsett i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) som finansierer elevutvekslinga. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Glad for at samfunnet har opna

Maria Olsen er assisterande rektor og internasjonal koordinator ved Amalie Skram videregående skole.

– Dette er ein av de mest hektiske tidene på året når elevane reiser ut og vi får gjenvisitt tilbake. No har vi besøk hos oss frå 21. april til 10. mai. Vi er glade for at samfunnet har opna att. Sist vi hadde utanlandsk besøk var i januar 2020. Då elevane våre skulle reise på gjenvisitt to månader seinare, stengde samfunnet ned. No har vi endeleg opna igjen og kan feire med internasjonal songkonkurranse og fest her, seier Maria Olsen.

Elevar på Amalie Skram videregående skole med fransk som fremmedspråk syng.
Elevar med fransk som framandspråk framfører Allez Ola Ole som fekk 12. plass i den internasjonale finalen i Oslo i 2010. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Alle vil til utlandet

Ein del av elevane på Amalie Skram videregående skole var på utanlandsbesøk i mars, mens resten av elevane skal i september.

– Alle elevane våre på vg2 får tilbod om å reise på utanlandsbesøk, og alle vil reise. Elevane lærer veldig mykje av å møte elevar i andre land og kulturen til kvarandre. Dei lærer språk, om mat og kulturen. Og dei lærer at det er ulik kultur i dei forskjellige landa. Elevane bur hos kvarandre, og vertsfamiliane viser kva kultur dei har, seier Maria Olsen.

Elevar på Amalie Skram videregående skole med spansk som framandspråk syng og dansar. Foto.
Elevar som har spansk som framandspråk framfører La venda som fekk 22. plass i den internasjonale finalen i 2018. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Solidaritet

Kvart besøk har eit overordna tema. Elevane denne veka har tema om vann og korleis vi skal bruke og ta vare på det. Andre elevar har tema om solidaritet og medborgarskap. Desse elevane skal på Rafto-huset og vere med i eit solidarisk rollespel. Elles har elevane vore på utflukt til Voss og Rosendal. Fem lærarar som er med på utvekslinga, får delta på jobbskygging.

Publikum lyttar og et mat under songkonkurransen på Amalie Skram videregående skole.
Fleire hundre norske og utanlandske elevar følgde songkonkurransen på Amalie Skram videregående skole, der det også vart servert lokal mat frå deltakarlanda. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Samarbeid med mange land

Amalie Skram videregående skole har samarbeid med ein rekke land og skular i verda. Dette omfattar land som Tyskland, Austerrike, Frankrike, Spania, Kroatia, Tyrkia, Kina, Japan og Martinique.

– Alle desse samarbeida er innan studiespesialisering, men no skal vi starte eit nytt samarbeid med Cordoba i Spania  på yrkesfag innan sal, service og reiseliv, fortel Maria Olsen.

Elevar ved Amalie Skram videregående skole syng.
I 1986 vann Sandra Kim den internasjonale finalen i Bergen med J’amie la vie. Her er det elevar på Amalie Skram som syng i fargane til den belgiske artisten. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Finansiering

Elevutveksling blir finansiert gjennom Erasmus pluss-midlar gjennom Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir).

Tyrkiske elevar på besøk på Amalie Skram videregående skole syng og spelar gitar.
Frå Tyrkia kom desse tre elevane som song den tyrkiske songen Yalnizlik Senfonisi, som fekk 12. plass i den internasjonale finalen i 1996. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune
Franske elevar på besøk på Amalie Skram videregående skole syng. Foto.
Franske elevar frå Granville i Normandie syng Poupee de cire, poupee de son, som France Gall song i 1965 og som gjekk heilt til topps den gongen. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune