Inntak til vidaregåande skule 2023: Dei fleste får førstevalet sitt

Oppdatert 10. juli: Korrigerte tal viser at nesten 80 prosent av søkarane med ungdomsrett i Vestland har fått plass på førstevalet sitt når det gjeld skule og utdanningsprogram. Dette er omtrent det same som det var i 2022. Heile 85 prosent har fått plass på utdanningsprogrammet dei har som førsteval.

Elevar og lærar i klasserom.
VIKTIG Å SVARE: Dei som no får tilbod om skuleplass må hugse å svare innan svarfristen 16. juli for å ikkje miste skuleplassen. (Illustrasjonsfoto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

I nyheitssaka som vart publisert 7. juli om inntak til vidaregåande opplæring i Vestland var det diverre feil i talgrunnlaget. Dette beklagar vi. Under følgjer oppdatert nyheitssak med korrekte tal. 

Omlag 20 500 søkarar med ungdomsrett har søkt på vidaregåande skule i Vestland fylkeskommune. Meir enn 16 000 av desse har fått tilbod om førsteønsket sitt for både utdanningsprogram og skule. Det betyr at fleirtalet av dei unge også i år får det opplæringstilbodet dei ønsker seg ved første inntaket.   

Alle med ungdomsrett får tilbod 

Berre 5 prosent av søkjarane med ungdomsrett står utan tilbod om skuleplass etter førsteinntaket. Desse tala er omtrent dei same som i fjor. Erfaring frå tidlegare visar seg at dette vil løyse seg for dei fleste i dei neste inntaksrundane. Alle med ungdomsrett vil få tilbod om skuleplass. 

Tala nedanfor gjeld søkjarar med ungdomsrett (ungdom mellom 15 og 24 år) dersom anna ikkje er nemnt. 

Yrkesfag er framleis mest populært 

I overkant av 9400 ungdommar  har søkt yrkesfag, av desse har nesten 5200 søkt Vg1, 3950 Vg2 og 300 Vg3. Det er litt færre ungdomsrettssøkarar på Vg1 yrkesfag samanlikna med i fjor.  

Nesten 98 prosent av søkarane til Vg1 har fått tilbod om skuleplass i førsteinntaket. Litt over 1600 ventar på plass på førsteønsket sitt, av desse har nesten 700 fått plass på andreønsket sitt.  

På Vg2 er det ein liten auke i talet på søkarar samanlikna med i fjor. Omtrent 92 prosent av søkarane til Vg2 har fått tilbod om skuleplass i førsteinntaket. Litt over 700 ventar på plass på førsteønsket sitt, av desse har omtrent 500 fått plass på andreønsket sitt.  

På Vg1 er det også i år utdanningsprogram for teknologi og industrifag som har lengst venteliste. 85 prosent av dei som hadde utdanningsprogrammet på førsteplass har fått tilbod, men mange av desse har fått tilbod på ein annan skule enn dei ønskjer, 500 søkarar har ikkje fått plass på førstevalet sitt . 

Påbygg til generell studiekompetanse  

Mange av søkarane til påbygg står framleis utan tilbod. Desse søkarane fordeler seg i to grupper. Den eine gruppa er søkarar som har fullført fag- og sveinebrev og som ønsker å få studiekompetanse (Vg4) og har påbyggingsrett. Det var ca. 320 søkjarar med påbyggingsrett, omtrent 240 har fått plass, 170 på førstevalet. Litt over 80 står utan tilbod etter første inntaket. 

Den andre gruppa er søkarar med ungdomsrett som har fullført Vg2 yrkesfag går  vidare på Vg3 påbygg i staden for å gå ut i lære. Det var litt over 860 søkjarar med påbygg som førsteval i denne gruppa. Omtrent 740 har fått plass, omtrent 560 på førstevalet. Omtrent 140 heilt utan tilbod etter første inntaket 

Studieførebuande utdanningsprogram  

Det i underkant av 10 000 søkarar med ungdomsrett som har studieførebuande utdanningsprogram som førstevalet sitt. Av desse har ca. 3900 søkt Vg1, og 3000 Vg 2 og 3000 V 3. 

Det er om lag 200 fleire søkarar med ungdomsrett til Vg1 studieførebuande samanlikna med i fjor. Nesten 90 prosent av søkarane til Vg1 studieførebuande har fått tilbod om skuleplass. Litt over 700 ventar på plass på førstevalet sitt. Litt over 160 er heilt utan tilbod. Nesten alle desse er i inntaksområdet Stor-Bergen 

Ledige skuleplassar   

I Vestland er det framleis over 1500 ledige skuleplassar. Desse plassane samsvarar ikkje med ønska til dei som per no ikkje har fått tilbod om plass. Søkarar som har ungdomsrett og som ikkje har fått tilbod om skuleplass no, vil få tilbod i dei seinare inntaka, eller når skulane tek over inntaket. 

Søkarar som ikkje har ungdomsrett står på venteliste, og kan bli tekne inn til ledige plassar etter at skulane tek over inntaket i august. Etter første inntaket er det nesten 950 søkarar med ungdomsrett som ikkje har fått tilbod skuleplass. 

Sjekk og svar på vigo.no  

Dei som har søkt skuleplass kan logge seg inn på nettsida vigo.no, og sjå om dei har fått skuleplass frå 7. juli. Svarfristen er 16. juli. Det er særs viktig å svare innan fristen.

Dei som ikkje svarar, mistar tilbodet dei har fått og blir tekne ut av ventelistene

Tidsplan for inntaket til vidaregåande skule i Vestland

  • 7. juli: tilbod blir gitt på vigo.no om første inntak  
  • 16. juli: svarfrist for første inntak  
  • 22. juli: melding om andre inntak  
  • 30. juli: svarfrist for andre inntak  
  • 8. august: tredje inntak. Du svarar ja til tilbodet ved å møte på skulen første skuledag.

Oversikt over poenggrenser for kvar einskild skule og kvart utdanningsprogram.