Elise fann dolk frå steinalderen på skuleplassen

Midt på skuleplassen på Os barneskule fann Elise (8) ein veldig fin stein. Det skulle vise seg å vere eit reiskap laga av menneske for meir enn 3700 år sidan.

Jente i ytterjakke ved store steinar på skuleplass.
FANN DOLKEN: Elise var ute og leika då ho fann det ho tykte var ein fin stein mellom dei store steinane på skuleplassen. Då ho synte steinen til lærarane, skjønte dei raskt at dette var ein spesiell gjenstand. (Foto: Vestland fylkeskommune)

– Steinen er ein vakker flintdolk frå yngre steinalder. Det er ein utruleg fin dolk, som er veldig sjeldan å finne, fortel arkeolog Louise Bjerre Petersen i Vestland fylkeskommune.

Cirka 12 cm lang flintdolk frå steinalderen.
SPESIELL: Dolken er om lag 12 cm lang, laga i flint og er truleg frå yngre steinalder. Flint finst ikkje naturleg i Noreg, og dolken kan difor stamme frå Danmark. Dolkar av denne typen blir som regel funne som offerfunn og er difor spesielle. (Foto: Vestland fylkeskommune)

Skulen gjorde alt rett

Ungane var ute og leika i eit friminutt då Elise fann den spesielle steinen.

– Eg skulle plukke opp ein glasbit, og så låg steinen der. Den var fin, fortel ho.

Lærar Karen Drange skjønte med ein gong at dette var ein ekte gjenstand, og at ho måtte ta kontakt med fylkeskommunen. Skulen leverte dolken raskt inn til Vestland fylkeskommune, og arkeolog Petersen roser skulen for å ha gjort alt rett då den spesielle steinen dukka opp.

– Skulen handterte dette etter boka. Når ein finn ting eller spor etter førhistorisk aktivitet, skal det meldast inn til fylkeskommunen. Vi tek imot gjenstanden og samarbeider deretter med universitetsmuseet om saka vidare, seier ho.

Blir brukt i vidare forsking

Vestland fylkeskommune og Universitetsmuseet har saman undersøkt funnstaden på skuleplassen på Os. Funnstaden vart graven ut for å sjekke om det kunne liggje fleire funn i same område.

Tre arkeologar i arbeid på skuleplass.
SAMARBEID: Vestland fylkeskommune samarbeider med Universitetsmuseet i Bergen når det blir gjort arkeologiske funn av denne typen. Museet var med og undersøkte funnstaden på Os og oppbevarer dolken. Her er arkeolog Howell M. Roberts og seksjonsleiar Morten Ramstad ved museet i arbeid saman med Louise Bjerre Petersen i fylkeskommunen. (Foto: Thomas Bruen-Olsen, Universitetsmuseet i Bergen)

– Vi fann verken fleire gjenstandar eller spor etter steinalderen akkurat her, men dolken Elise fann er nokså unik. Han vil bidra til den vidare forskinga på steinalderen på Vestlandet, seier Petersen.

Alle funn i Vestland blir leverte inn til Universitetsmuseet i Bergen. Der blir dei katalogiserte og brukte i forsking og formidling.

Funnstad for arkeologisk funn med reiskapar liggjande rundt.
FUNNSTAD: Dei nærare undersøkingane av funnstaden på Os resulterte ikkje i fleire funn frå steinalderen. (Foto: Vestland fylkeskommune)