Fann gullring frå vikingtida i smykkesamling kjøpt på auksjon

Mari Ingelin Gausvik Heskestad frå Alver kjøpte ei smykkesamling på auksjon. Då samlinga kom i posten pakka ho ut moderne sølvsmykke, gullsmykke, juggel, pynt – og ein fingerring i gull frå yngre jernalder/vikingtid.

foto av gullring frå vikingtid saman med målestokk
VIKINGRING: Ringen frå vikingtida veg 10,98 gram, og størrelsen tilseier at dette har vore ringen til ein mann. (Foto: Vestland fylkeskommune)

– Her har vi ei veldig observant kvinne, som med ein gong såg at dette kunne vere noko svært gamalt. Ho kontakta oss, og vi kunne ganske raskt stadfeste at dette var ein ekte fingerring av gull frå yngre jernalder/vikingtid. Det er funne same typen ring i Noreg tidlegare, men dei er sjeldne, fortel Karoline Hareide Breivik, fungerande seksjonsleiar for kulturarv i Vestland fylkeskommune.

Ho fortel vidare at fylkeskommunen heller ikkje kjenner til at det er funne arkeologiske gjenstandar av denne typen i slike samlingar frå auksjonar tidlegare.

Foto av smykkesamling. Det er ein raud ring rundt ein gullring frå vikingtida
AUKSJON: Det var i denne smykkesamlinga ringen frå vikingtida dukka opp blant meir moderne gull- og sølvsmykke og noko juggel og pynt. Gullringen er ringa inn med raudt. (Foto: Vestland fylkeskommune).

Har truleg tilhøyrt ein mann

Størrelsen på ringen syner at han truleg har tilhøyrt ein mann. Om ringen vart mista, gøymt eller gravlagt saman med mannen, er umogleg å vite.

Vestland fylkeskommune har vore i kontakt med auksjonsforretninga, som ikkje kunne gje noko nærare informasjon om kvar ringen opphavleg er frå. Det einaste dei kunne fortelje var at ringen låg i ei av fleire banankassar, som vart leverte inn til dei sommaren 2021.

Sidan funnstaden ikkje er kjent, har Riksantikvaren bestemt at ringen kan leverast til Universitetsmuseet i Bergen. Alle gjenstandar frå før 1537 er automatisk freda.

Imponerande kunnskapar

På Universitetsmuseet i Bergen er det konstatert at ringen veg heile 10,98 gram. Museet har planar om å stille han ut, men endeleg tidspunkt er endå ikkje avklart. 

– Arkeologane her i fylkeskommunen er imponerte over kunnskapen til Mari Ingelin Gausvik Heskestad. Ein må ha kunnskap om emnet for å kjenne att førhistorisk gull. I tillegg kunne ho klassifisere ringen til vikingtid. Vi er glade for at ringen vart levert inn til oss, slik at fagpersonar på museet no kan ta vare på han, seier Breivik.  

foto av kvinne som syner fram gullring frå vikingtida i handa
FINNAR: Mari Ingelin Gausvik Heskestad får skryt av arkeologane i fylkeskommunen for at ho med ein gong mistenkte at denne ringen kunne vere svært gamal. (Foto: Vestland fylkeskommune)