Arbeidet med nyeskulen i Norheimsund er i gang

Det første byggesteget av nye Kvam vidaregåande skule skal stå ferdig i oktober neste år. No er kontrakten signert og arbeidet i gang.

Gravemaskin og byggeplass i Norheimsund, framfor gamleskulen der.
I GANG: Nye Kvam vgs. skal byggjast i Norheimsund og det førebuande arbeidet på byggeplassen starta no i august. Gamleskulen skal i hovudsak takast vare på og rehabilterast. (Foto: Gunnar Hemre Ringheim/Vestland fylkeskommune)

Det er Veidekke Entreprenør AS som skal utføre byggearbeidet i Norheimsund som ein totalentreprise. Det førebuande arbeidet starta allereie 1. august, og 15. august vart kontrakten signert. 

– Vi gler oss til å følgje byggeprosessen fram mot ferdigstilling av det som skal bli eit praktbygg. Prosjektet utnyttar tomta godt og har gode løysingar for både innvendige og utvendige areal. Kvam herad er ein aktiv medspelar i prosjektet, og med dei kommunale funksjonane skal området bli brukt og attraktivt også utanom den vanlege skuletida, seier Jan Tore Rosenlund, konstituert eigedomsdirektør i Vestland fylkeskommune.

Stor bygning med plass foran.
Slik skal den nye vidaregåande skulen i Kvam sjå ut. (Illustrasjon: Vestland fylkeskommune)

Glade for å vere i gang

Rosenlund signerte kontrakten på vegner av Vestland fylkeskommune, medan Ingmar Austevoll, regiondirektør i Veidekke Bygg Vest, signerte på vegner av Veidekke.

– Vi takkar for tilliten frå Vestland fylkeskommune, og er glade for at vi er i gang med bygginga saman med gode samarbeidspartnarar. Vi har ein motivert gjeng som skal skape ein flott vidaregåande skule i Kvam, seier Austevoll.

Foto av mange folk framfor eit bygg.
Representantar frå både Vestland fylkeskommune, Veidekke Entreprenør AS og Kvam herad var samla i Norheimssund for kontraktssignering og for å markere at arbeidet er i gang 15. august. (Foto: Gunnar Hemre Ringheim/Vestland fylkeskommune)

Heilt ferdig i oktober 2025

Byggesteg 1 skal altså stå ferdig i oktober 2024, medan heile skulen og den kommunale delen skal vere ferdig i oktober 2025. Prosjektet har eit samla bruttoareal på om lag 8800 kvadratmeter og skal i tillegg til den vidaregåande skulen også huse bibliotek, administrasjon for kulturskulen, kino og vaksenopplæring. Fylkeskommunen skal også leige 1200 kvadratmeter idrettshall av heradet.

Den nye skulen får rundt 310 elevar og 60 tilsette. I tillegg kjem dei kommunale arbeidsplassane. Samla vil heile prosjektet koste nesten 600 millionar kroner.

– Vi har trua på at satsinga på den nye skulen og det gode samarbeidet med Kvam herad styrkar den positive utviklinga av regionen, avsluttar Rosenlund.

Mann og kvinne som tek kvarandre i handa og held papir.
Vestland fylkeskommune signerte også ein viktig samarbeidsavtale med Kvam herad i Norheimsund 15. august. Signeringa var det konstituert eigedomsdirektør Jan Tore Rosenlund og rådmann i Kvam, Anita Hesthamar, som stor for. (Foto: Gunnar Hemre Ringheim/Vestland fylkeskommune)