Flott samarbeid om ny skule i Kvam

– Den nye vidaregåande skulen i Kvam blir eit flott samarbeid mellom fylkeskommunen og Kvam herad, seier utbyggingssjef Jan Tore Rosenlund i Vestland fylkeskommune.

Kvam vgs
PRAKTBYGNING: Den nye praktbygningen i Norheimsund skal få både vidaregåande skule, kino og bibliotek. Illustrasjon Arkitektane VIS-A-VIS/Vestland fylkeskommune

Skulen skal heite Kvam vidaregåande skule og blir plassert i Norheimsund. Samarbeidet med heradet inneber at det blir kino, bibliotek, administrasjon for kulturskule og vaksenopplæring i bygningen. Skulen blir på 8800 kvadratmeter til ein pris av nærmare 500 millionar kroner.

– Med dette får vi ein samla vidaregåande skule i Kvam. Byggestart er planlagt neste haust, og skulen skal stå ferdig i 2026, opplyser Rosenlund.

Kvam VGS
Slik blir vestibylen i den nye skulen i Norheimsund. Illustrasjon Arkitektane VIS-A-VIS/Vestland fylkeskommune

Vinnar av konkurransen

I dag vart vinnaren av pris- og designkonkurransen kåra.

– Fylkeskommunen har lyst ut arbeidet som ein pris- og designkonkurranse. Totalt har fire tilbydarar, med sine respektive samarbeidspartar, delteke i konkurransen. Etter ein omfattande evalueringsprosess har vi valt Veidekke Entreprenør AS som entreprenør, med utkastet dei har kalla «oRakel». Arkitektane bak designet er Arkitektane VIS-A-VIS, opplyser Rosenlund.

Nye Kvam vgs
Slik blir amfiet i den nye skulen i Norheimsund. Illustrasjon Arkitektane VIS-A-VIS/Vestland fylkeskommune

400 elevar – 70 tilsette

Den nye vidaregåande skulen skal få om lag 400 elevar og 70 tilsette.

– Vi skal ha studieretningar innan studiespesialisering, teknikk- og industrifag, elektro- og datateknologi, helse- og oppvekstfag og arbeids- og kvardagslivstrening. Vi skal samarbeide nært med Kvam herad og går no inn i ein samspelfase fram til våren, der alle brukargrupper, entreprenør, arkitektar og rådgjevingsgruppe skal vere med. I denne samspelfasen vil vi arbeide med å optimalisere og forbetre vinnarprosjektet, seier Rosenlund.

Kvam VGS
Den nye skulen i Norheimsund sett frå nord-vest. Illustrasjon Arkitektane VIS-A-VIS/Vestland fylkeskommune

Suverent best

Veidekke Entreprenør AS vart vald fordi «oRakel» er det utkastet som suverent best utnyttar tomta og som gjennom plassering og organisering oppnår gode løysingar for både innvendige og utvendige areal.

– Funksjonane i «oRakel» er gjennomgåande godt løyst både som enkeltrom og som samanstilte funksjonsgrupper. Fellesdelen er godt tilrettelagt for sambruk og fleirbruk, som på sin måte legg til rette for å styrke samarbeid og læring på tvers av fagområda, seier Jan Tore Rosenlund.

Til sommaren skal Vestland fylkesting og heradsstyret i Kvam ta endeleg stilling til bygginga. Med positive vedtak er byggestart planlagt til hausten 2023.