Veteranbåtar og andre kulturminne sentrale i ny storfilm
Både veteranbåtar, veteranbilar, historiske bygg, anlegg, klede og utstyr spelar viktige roller i filmen «Krigsseileren», som har premiere 23. september. Produsenten for filmen gjev honnør til alle frivillige som tek vare på kulturminna.

Delar av handlinga i krigsdramaet finn stad i Bergen, og ei rekke kulturaktørar frå Vestland har delteke i produksjonen.
Historiske båtar og brannbilar
Blant anna deltok Bergen Veteranvogn Klubb, Bergen Brandkorps Historielag, fjordabåtmiljøet og Bergen Kystlag med bilar og båtar. To veteranbrannbilar vart brukte på Bergenhus då dei spelte inn scener som skal vise bombinga av Holen skole. Bergen Brandkorps Historielag sytte også for å finne fram tidsriktige utrykkingsklede.
– Vi ønskte å bidra. Dette er noko spennande og uvanleg å vere med på, og det gir nokre kroner i kassen til deltakande foreiningar, fortel Øyvin Konglevoll frå laget.
Ein 1932 Volvo brannbil som høyrde til i Fana brannvesen, og som i følgje brannrapporten frå 20. april 1944 blei rekvirert kl. 09.58, kan også sjåast i filmen. Med var også Bil 8, 1935 Magirus stigebil, som var med på mange dramatiske utrykningar under krigen.
Takkar dei frivillige
At det er brukt «ekte» rekvisittar gjev både truverd og tidsdjupn til ein viktig og stor filmproduksjon. Hus, bilar, klede, utstyr og båtar kan på anna vis enn tekst og bilete gje oss forståing av fortida. Per Morten Ekerhovd er fylkesdirektør for kultur, idrett og inkludering og rosar dei frivillige.
– Innsatsen dei frivillige gjer med å ta vare på kulturminne, gjev oss ikkje berre filmkulissar, men òg ekte kontakt med historia vår. Filmen er først og fremst ei hylling av sjøfolka og innsatsen deira under siste verdskrigen. Men vi kan òg sende nokre takksame tankar til dei mange som har bidrege til at kulturminna som rammar filmen inn, framleis finst, seier han.
Vestland er fylket i landet med flest freda og verneverdige fartøy. Det er ei viktig oppgåve – for både fylkeskommunen og andre – å ta vare på desse flytande kulturminna, som kjelder til kunnskap og oppleving. Fylkeskommunen løyver kvart år pengar til lag og organisasjonar som tek vare på kulturminne, både båtar, bygningar og anna.
Viktig film
Krigsseileren er tidenes dyraste norske filmproduksjon, og kan hende ein av dei viktigaste. Innsatsen til krigsseglarane er rekna for å vere det viktigaste norske bidraget under andre verdskrig.

Produsent for filmen, Maria Ekerhovd, gjev stor honnør til dei frivillige som tek vare på kulturminne og gjorde dei tilgjengelege som ramme for filminnspeling. Filmen skal ha kosta 110 millionar kroner å lage, men i eit intervju med NRK seier produsenten at det fort kunne blitt 140 millionar «fordi dette er en historie som folk opplever som veldig viktig, så har vi fått utrolig mye hjelp overalt.»
Ho seier også at på grunn av dugnadsånd og mykje frivillig engasjement har dei fått filma scener som ein vanlegvis berre ser i Hollywood-produksjonar.