Språkkonferanse set vestlandsk identitet og nynorsk på dagsorden

Jon Fosse som nynorsk litterært fyrtårn og nynorsk og språk i næringsliv, kulturliv og utdanning er tema når Nynorskfylket Vestland inviterer til språkkonferanse på Litteraturhuset i Bergen 25. mai.

Foto av tavle med skrifta Snakkar du nynorsk? Norsk flagg ved sidan av tavla.
NYNORSK: Korleis står det til med nynorsken i næringslivet og i utdanningssektoren er eitt av spørsmåla språkkonferansen vil ta føre seg. (Illustrasjonsfoto: Shutterstock)

– Vestland er det største nynorskfylket i landet. Vi har difor eit særleg ansvar for å sikre at nynorsk får gode vilkår i utdanningssektoren, kulturlivet, næringsliv og offentleg forvaltning, seier Alexander Fosse Andersen, leiar for Nynorskfylket Vestland.

Nettverket jobbar for auka bruk av nynorsk og for å fremje nynorsk på alle samfunnsområde i Vestland fylke. 20 frivillige, ideelle, offentlege og private aktørar med regional funksjon i Vestland er med.

Jon Fosse og vestlandsk identitet

– Gjennom språkkonferansen vil vi framheve Jon Fosse, både som leiande nynorskforfattar og formidlar av vestlandsk identitet. Dette gjer vi med innleiingar av journalist og forfattar Jan H. Landro og gjennom kulturelle bidrag frå Teater Vestland og Det Vestnorske Teateret, fortel Fosse Andersen og held fram: 

– I tillegg vil språkkonferansen ta opp kva utfordringar og moglegheiter nynorsken står overfor i opplæringssektoren og næringslivet, gjennom innleiingar og diskusjonar.

Nynorsk i næringsliv og utdanninga

Atle Kvamme, kommunikasjonsdirektør i Bergen Næringsråd og Gunn Aase Moldestad, marknadssjef i Sparebanken Sogn og Fjordane deltek og deler erfaringar med og tankar om nynorsk i næringslivet. 

Til å innleie og diskutere nynorsk og språk innan utdanningssektoren har Nynorskfylket Vestland fått med Svein Olav Langåker, dagleg leiar for Nynorskkommunane, LNK, Ingvil Brugger Budal, professor ved Høgskulen i Vestlandet og Sylvelin Toft frå Katten Målungdom.

– Vi vil både utfordre og inspirere. Det overordna spørsmålet på konferansen er korleis vi kan styrke nynorsken som skriftspråk i Vestland, seier Fosse Andersen.