Opnar vidaregåande skular for elevar og frivillig sektor

Voss Gymnas blir skuleåret 2022/23 pilotskule for ei ordning med open skule og gratis utlån til frivillige organisasjonar. Målet er ei permanent ordning ved alle vidaregåande skular frå hausten 2024.

innandørsbilde frå Voss Gymnas
VOSS GYMNAS: Pilotskulen Voss Gymnas skal vere med å finne innretning på og modellar for ordninga med open skule og gratis utlån til frivillig sektor. (Foto: Vestland fylkeskommune)

– Ved å låne ut skulebygg og idrettsanlegg vil Vestland fylkeskommune gje frivillige organisasjonar betre tilgang til rimelegare arenaer for aktivitet, seier fylkesordførar Jon Askeland, som synest det er ekstra gledeleg å gjere dette vedtaket i Frivilligåret 2022.

– Det skal vere enkelt å vere frivillig i Vestland, heiter det i frivilligstrategien til fylkeskommunen. Ved å stille lokale til disposisjon håpar vi å bidra til dette, seier fylkesordføraren

Han understrekar vidare at tiltaket styrkjer posisjonen fylkeskommunen vil ha i lokalsamfunna.

Open skule

I prøveprosjektet er det mål om å få med fleire skular frå skuleåret 2023/24, for å få på plass ei permanent ordning frå hausten 2024. Open skule er eit tilbod nokre skular har i dag, men langt frå alle, og tilbodet varierer frå skule til skule. Vedtaket i fylkestinget går ut på å rigge alle dei vidaregåande skulane for å kunne opne skulebygga for elevar også utanom skuletida.

– Open skule er eit godt tiltak for både sosiale og faglege aktivitetar for elevane. Det kan organiserast på ulikt vis og med ulikt innhald, men vi ønskjer at alle elevane våre skal ha eit slikt tilbod, seier Askeland.

Gratis eller rimeleg utlån

Fleire av skulebygga til fylkeskommunen blir leigde ut allereie i dag, men fylkestinget ønskjer no ei ordning for frivillig sektor med gratis eller rimeleg lån av både skulebygg og idrettsanlegg. I vedtaket slår fylkespolitikarane fast at lag og organisasjonar, og særleg aktivitet for barn og unge, skal ha prioritet ved utlån. Både nasjonale og regionale undersøkingar syner at det er behov for tilgang til rimelege eller gratis lokale til frivillig aktivitet.

Det trengst framleis ein del avklaringar når det gjeld det praktiske og økonomiske ved ordninga. Difor vel fylkestinget å gjere dette som eit stegvis prosjekt.

Også aktuelt med utlån til kommunar

Det kan også vere relevant med utlån til kommunar, men fylkestinget føreset då at kommunen dekker kostnadar med tilsyn og reingjering.

Ei tverrfagleg gruppe i fylkeskommunen skal framover jobbe med å utvikle berekraftige modellar i prosjektet. Målet er ei effektiv utlånsordning for alle aktuelle skular. Fylkestinget set av 500 000 kr til prøveprosjektet skuleåret 2022/23.

Det var eit samla fylkesting som stilte seg bak vedtaket om open skule og utlån til frivillig sektor under møtet i Rosendal 22. juni.