Nyskapande aktivitetsanlegg skal revolusjonere anleggstenkinga

Stadig fleire av kommunane i Vestland har blitt med i og fått tilskot frå prosjektet Nyskapande aktivitetsanlegg. Og fleire blir det.

illustrasjon av leikehus utforma som fuglekassar
NYE SKISSER: Arkitektkontora som er med i prosjektet presenterte nye skisser 1. juli. 3RW arkitekter har teikna dette forslaget, fugleberget, for prosjektet i Hyllestad. Det er ei rekke leikehus forma som fuglekassar på skuleområdet. Dei er i utgangspunktet tenkte for dei yngste elevane. (Illutrasjon: 3RW arkitekter)

Nyskapande aktivitetsanlegg er eit prosjekt der ein tenkjer nytt om anleggsutvikling.

– Vi tenkjer ikkje «lat oss byggje ein hall», eller «vi treng ein ballbinge». Vi prøver heller å finne ut kva er det som trengst akkurat her? Eller aller først: Trengst det noko i det heile? Kva ønskjer dei som bur her, og korleis kan vi skape meir aktivitet for dei, fortel prosjektleiar Hanne Espe i Vestland fylkeskommune om prosjektet.

Ei av dei viktigaste målgruppene er dei som ikkje finn plassen sin i den organiserte idretten.

Nye skisser 1. juli

Fylkeskommunen koplar idrettslag og kommunar saman med arkitektar og planleggarar, og 1. juli presenterte arkitektkontora leveransane sine frå fase 2 i prosjektet.

– Her fekk vi skisser for Olsvikåsen vidaregåande skule, Etne skule, Florø ungdomsskule og Hyllestad skule. Vi er veldig begeistra. Her har det vore jobba utruleg godt på tvers av kommune, arkitekt, frivillige og andre. Ungdomane er ein viktig ressurs, og medverknadsprosessane har vore veldig gode. Vi gler oss til å sjå fortsettinga av dette, seier Espe.

Kommunane som er komne lengst i prosjektet er Stord, Bjørnafjorden, Austevoll, Kvam, Hyllestad, Kinn, Etne og Bergen. Alle får økonomisk tilskot, støtte og rådgjeving frå Vestland fylkeskommune.

foto av skisse for aktivitetsanlegg
NYSKAPANDE: Noko av målet med prosjektet er å leggje naturleg til rette for fysisk aktivitet for barn og unge der dei er. (Illustrasjon: 3RW arkitekter)

Uteområde ved skular

For desse åtte kommunane handlar det om skuleområde og å utvikle pilotprosjekt for uteområde ved både barneskular, ungdomsskular og vidaregåande skular. Prosjekta er framleis på teiknebrettet, men på Stord er dei i gang med delar av området. Der har dei delvis fylt ut ei myr og laga gangveg rundt resten av myra.

Her skal det i tillegg byggast hall som skal på anbod til hausten. Uteområdet blir ein del av ein totalentreprise der Marina Bauer, som er arkitekten frå Opaform som har følgt prosjektet, skal vere med vidare i arbeidet.

– Heile prosjektet er nasjonalt pilotarbeid, der vi vil lage nyskapande og inspirerande anlegg på tvers av aktivitetar og idrettar i eit forsøk på å fornye anleggstenkinga. For kvifor skal vi byggje ein hall på same måten i dag som vi gjorde på 1950-talet, spør Espe.

Medverknad i sentrum

På Austevoll er det også fleire prosjekt som skal sjåast i ein heilskap. Det er sett av midlar, og når det er gjort nødvendige endringar i vegbane og parkering, ser dei føre seg oppstart av friluftsparken ved skulen i 2023.

– I tillegg har vi høyrt at prosjektet i Kinn tenkjer å starte med noko allereie i år. Dei har nettopp hatt leveranse frå arkitekten sin Curve Studios, og samarbeidet der har vore svært godt, fortel Espe.

Noko av det viktigaste i prosjektet med nyskapande aktivitetsanlegg er medverknad. Dei som er målgrupper for å bruke anlegga må kome til orde og bli høyrde tidleg, slik at dei kan vere med å påverke det endelege resultatet.

illustrasjon som syner bilde av grøn bakke, med kommentarar i snakkebobler. kommentarane er vi bruker ikke plenen så mye om sommeren, akebakke om vinteren og ingenting å gjøre her
MEDVERKNAD: Noko av grunnlaget for prosjektet om nyskapande aktivitetsanlegg er at dei som er målgrupper for anlegga, må kome til orde og bli høyrde i ein tidleg fase. Her har elevar ved Hyllestad skule vore med i prosessen om skuleområdet der. (Illustrasjon: 3RW arkitekter)

Utgangspunkt i lokale behov

Seks nye kommunar vart med i prosjektet i vår: Sogndal, Sveio, Austevoll, Samnanger og Askøy. Dei skal jobbe med innandørs anlegg, både nybygg og anlegg som skal rehabiliterast.

Den raude tråden i prosjektet er den same. Utgangspunktet skal vere behov i lokalmiljøa innan idrett og fysisk aktivitet. Og det skal vere basert på medverknad, eit breitt kunnskapsgrunnlag og berekraftige løysingar.

– Anlegga skal ha arkitektur av høg standard, og målet er at dei skal bli naturlege samlingsstadar i lokalsamfunna sine. Dei skal leggje til rette for det vi ser av nye fritidsvanar og ulik deltaking i fritidsaktivitetar. Det store målet er fleire fysisk aktive barn og unge, og at dei kan drive fysisk aktivitet utifrå eigne føresetnadar og interesser, seier Espe.

Neste vår blir det ny utlysing av tilskot og mogleg for nye kommunar i fylket å bli med i prosjektet. Espe oppmodar kommunar som har planar i den retninga om å søkje.

Studietur til Danmark

I mai i år inviterte fylkeskommunane prosjektkommunane med til Danmark for å sjå kva som er gjort der. Danske Lokale og Anlægsfonden, som kan samanliknast med den norske spelemiddelordninga, er ein viktig samarbeidspart i prosjektet om nyskapande aktivitetsanlegg. Dei har jobba med denne typen anlegg i mange år no, og det er difor mange anlegg der det er naturleg å sjå nærare på, både skuleområde og innandørsanlegg.

– Vår kollega i Lokale og Anlægsfonden, Ola Mattsson, hadde sett saman eit relevant og travelt program, og kommunane som var med vart veldig inspirerte. Vi fekk mange gode tilbakemeldingar, seier Espe.

Ho fortel at fleire av dei som var med, gjerne ville arrangere eigne studieturar for å få ei breiare forankring lokalt i kommunen.

foto av gruppe menneske
STUDIETUR: Studieturen gjekk til Danmark, der deltakarane fekk inspirasjon og motivasjon til å jobbe vidare med å lage nyskapande aktivitetsanlegg i lokalsamfunna sine. (Foto: Vestland fylkeskommune)